Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Årets tal for sal av geitemjølkkvote er klare

I 2018 har 10 geitemjølkprodusentar selt i underkant av 700 000 liter grunnkvote.

Flere geiter hviler i ulendt terreng, snøkledde fjell i bakgrunnen (Copyright: Colourbox)

Foto: Colorbox.com


I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at det skal være ein oppkjøpsordning for geitemjølkkvotar. Bakgrunn for oppkjøpet var å få betre balanse i marknaden for geitemjølk. Oppkjøpsordninga for geitemjølkkvotar innebar at i omsetningsrunden 2017 og 2018 vart prisen auka frå kr 2,50 per liter til kr 12,00 per liter for delen av grunnkvoten som vert seld til staten (minst 20 prosent). For produsentar som ligg utanfor dagens satsningsområde for geitemjølk, det vil seie Indre Fosen, Namsskogan, Røyrvik og Ås, vart prisen auka til kr 15,00 per liter. For at seljar skulle få denne prisen, var det eit krav at heile grunnkvoten ble seld. Oppkjøpet av grunnkvote vert finansiert over omsetningsavgifta for mjølk

Tabellen under viser fordelinga av sal både til staten og privat i 2018. Alle seljarane er innanfor satsningsområdet for geit, alle sel heile grunnkvoten og mesteparten av seljarane er frå Troms. Den gjennomsnittlege salsmengda for seljarane gjekk opp frå 42 400 liter i 2017 til 65 600 liter i år. Om lag 133 000 liter vart selt til staten for ca. 1,6 millionar kroner. Denne mengda tas ut av marknaden ved inngangen til nytt kvoteår 1.1.2019.

FylkeKommuneSeljararSal totalt (liter)Sal til staten (liter)Sal privat (liter)
HordalandOdda1        41 307         8 262        33 045
Sogn og FjordaneAskvoll1        37 675         7 675        30 000
Møre og RomsdalStranda1        47 969         9 594        38 375
TromsTromsø1        29 494         5 899        23 595
Kvæfjord1        98 817        19 764        79 053
Bardu1      104 708        20 942        83 766
Balsfjord1        46 542         9 309        37 233
Karlsøy1        47 619         9 524        38 095
Lyngen1        30 888         6 178        24 710
Nordreisa1      170 680        35 680      135 000
Sum 10      655 699      132 827      522 872

Satsingsområdet for geitemjølkkvote
For å konsentrere geitemjølkproduksjonen til nokre delar av landet, har det blitt definert nokre satsingsområder for geitemjølk til industriell omarbeiding. Desse områda er alle kommunar med geitemjølkkvote, bortsett frå kommunane Indre Fosen, Namsskogan, Røyrvik og Ås. Det er ikkje mogleg å flytte kvotar til kommunar utanfor satsingsområdet. Dette gjeld ved sal, kjøp, leige, felles mjølkeproduksjon og oppstart av geitemjølkproduksjon.

Bakgrunnen for dette er at geitemjølkproduksjonen skal konsentrerast til satsingsområdet for industriell omarbeiding av geitemjølk. Dette området inkluderer alle kommunar med geitemjølkkvote, med unnatak av dei fire kommunane nemnd ovanfor.

Kva er kvoteordninga for mjølk?

Hovudføremålet med kvoteordninga for mjølk er å tilpasse produksjonen av ku- og geitemjølk til behovet i marknaden. Kvoteordninga skal også ivareta distrikts- og strukturomsyn.

Alle som har ein landbrukseigedom kan starte med mjølkeproduksjon, enten ved å kjøpe eller leige kvote. Når det gjeld geitemjølk er det berre mogleg å starte med mjølkeproduksjon i kommunar kor det er geitemjølkkvote frå før. Kvoten gir bonden eller føretaket rett til å produsere ein gjeven mengde mjølk i løpet av året.

Kvoteordninga skil mellom grunnkvote og disponibel kvote. Grunnkvoten er den kvoten som tilhøyrer landbrukseigedomen. Alle føretak som har råderett over ein grunnkvote kan få rekna ut ein disponibel kvote for å drive mjølkeproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Disponibel kvote er den kvoten som seier kor mykje mjølk ein produsent kan levere i eit kvoteår (1. januar – 31. desember).

Disponibel kvote for eit føretak eller frå ein enkelt landbrukseigedom kan i 2018 ikkje overstiga 936 000 liter kumjølk. For geitemjølk er dette produksjonstaket 900 000 liter.  

Dersom ein sel, kjøper eller leiger grunnkvotar kan det berre skje innan same produksjonsregion som kvoten tilhøyrer. Ved sal av grunnkvote må minst 20 prosent seljast  til staten, resterande mengde kan seljast i den private marknaden. Ved sal til staten er prisen kr 2,50 per liter. Pris og avtaler ved privat kjøp av kvotar må kjøpar og seljar avtale utan at staten (ved Landbruksdirektoratet) er involvert.

For sal av geitemjølkkvote, har det i 2017 og 2018 vore ei eiga ordning om oppkjøp der staten har hatt ein pris på kr 12,00 per liter innafor satsningsområdet for geitemjølk, og kr 15,00 per liter geitemjølk utafor satsningsområdet.

Les meir om mjølkekvotar
Les meir om norsk produksjon av mjølk

 

 

 

 

Kontaktperson

Mer om temaet