Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Årets tal for sal av geitemjølkkvote er klare

I omsetningsrunden 2017 har åtte geitemjølkprodusentar selt om lag 340 000 liter grunnkvote. Dette er dobbelt så mange seljarar som i 2016.

geit (Copyright: Colourbox.com)

Arkivfoto: Landbruksdirektoratet


I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at det skal være ei oppkjøpsordning for geitemjølkkvotar. Oppkjøpsordninga for geitemjølkkvotar inneber at i omsetningsrunden
2017 og 2018 blir prisen auka frå dagens 2,50 kroner per liter til 12 kroner per liter for delen av grunnkvoten som blir seld til staten (minst 20 prosent). For produsentar som ligg utanfor dagens satsningsområde for geitemjølk, det vil seie Leksvik, Namsskogan, Røyrvik og Ås, blir prisen auka til 15 kroner per liter.

Tabellen under viser fordelinga av sal både til staten og privat i 2017. Alle seljarane er innanfor satsningsområdet for geit. Éin av seljarane selde berre delar av grunnkvoten. 

Om lag 68 000 liter vart selt til staten. Denne mengda tas ut av marknaden ved inngangen til nytt kvoteår 1.1.2018. Den gjennomsnittlege salsmengda for seljarane gjekk ned frå om lag 74 000 liter i 2016 til 42 400 liter i år.

Geiemjølkkvote


 

 

 

  

 

Kontaktperson