Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

2017: Flest mjølkekvotar selt til Trøndelag, Rogaland og Nordland

Nye tal viser at 249 kumjølkprodusentar har selt 21 millionar liter grunnkvote i år. Det er 4,7 millionar liter mindre enn i fjor.

Nærbilde kyr

Arkivfoto: Landbruksdirektoratet


I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at talet på produksjonsregionar i kvoteordninga for mjølk skulle reduserast frå 18 til 14. Dette skulle skje frå og med omsetningsrunden 2017 for kvoteåret 2018. I tillegg vart det bestemt at kumjølkkvoter selt til staten skulle bli inndratt, og derfor har det ikkje vore mogleg å kjøpe mjølkekvote frå staten i år. Minimum 20 prosent av salsmengda måtte seljast til staten for ein fast literspris på kr 2,50. Resten av salsmengda kunne omsetjast privat til marknadspris.

Færre kumjølkvotar vart selt til staten
I 2017 vart om lag 4,2 milll liter kumjølkkvote selt til staten for 10,6 millionar kroner. Det er ein nedgang på 17,8 prosent frå i fjor. 16,8 millionar liter vart omsett i den private marknaden. Statistikken for sal viser at det er selt flest mjølkekvotar i Trøndelag, Rogaland og Nordland, mens det ble selt minst i Telemark og Finnmark. Det var berre åtte sal på tvers av fylkesgrensa i dei nye produksjonsregionane, kor fem sal gjekk frå Sør-Trøndelag til Nord-Trøndelag. 

Færre delsal av  kvoten
Om lag 15 prosent av seljarane har selt delar av kumjølkkvoten i 2017 mot 17 prosent i 2016. Den gjennomsnittleg salsmengda gjekk ned då det vart opna for delsal i 2012. Salsmengda per seljar vart redusert frå 90 000 liter i 2011 til 87 500 liter i 2012. I 2015 var den gjennomsnittleg salsmengda på same nivå som i 2012, medan den for 2017 er om lag 84 000 liter.  

 

Statistikk – fylkesvise oversiktar:

Sal av grunnkvote kumjøllk 2017

Delsal av grunnkvote kumjølk 2017

 

 

Kontaktperson