Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Auke i sal av mjølkekvote

I 2018 har 325 kumjølkprodusentar selt 30 millionar liter grunnkvote. Dette er 29 prosent fleire seljarar enn i fjor.

Bonde i fjøset, melkekyr som fôres med grovfôr (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Foto: Mette Sattrup, copyright: Landbruksdirektoratet


Samanlikna med 2017 har mengde seld grunnkvote auka med 42,4 prosent. Det er usikkert kva som er årsak til at fleire sel grunnkvote i år og at dei sel meir enn i fjor.
Om lag 15 prosent av seljarane har selt delar av kumjølkkvoten i 2018. Dette er på same nivå som i fjor. Bortsett frå Troms, har det vore delsal av grunnkvote i alle produksjonsregionane. 

Mest sal i Trøndelag
Gjennomsnittleg salsmengde har også auka frå 84 000 liter i 2017 til 92 500 liter i år. Statistikken for sal viser at det er selt mest mjølkekvote i Trøndelag og Rogaland, mens det vert selt minst i Troms og Telemark. Høgast gjennomsnittlege salsmengde har det vore i Østfold/Vestfold, kor eigarane har selt i snitt 183 000 liter kvote. I Buskerud og Oppland har derimot snittet vore langt lågare, på 58 500 og 64 000 liter. Forklaringa på denne forskjellen mellom produksjonsregionane er blant anna storleiken på grunnkvotane. I Oppland og Buskerud er det langt fleire eigedomar med mindre grunnkvotar enn det er i Østfold/Vestfold.

Staten kjøper opp mjølkekvote
I jordbruksoppgjeret 2018 vart det bestemt at kumjølkkvote selt til staten skulle bli inndratt. I årets omsetningsrunde har staten kjøpt opp om lag 6 millionar liter kumjølkkvote for 15 millionar kroner. Denne mengda tas ut av marknaden ved inngangen til nytt kvoteår 1.1.2019. 6 millionar liter utgjer 0,4 prosent av den totale grunnkvoten i 2018. Oppkjøp av grunnkvote vert finansiert over omsetningsavgifta for mjølk.
Minimum 20 prosent av salsmengda måtte seljast til staten for ein fast literspris på kr 2,50. Resten av salsmengda, på 24 millionar liter, vert omsett på den private marknaden til marknadspris. Landbruksdirektoratet har ikkje opplysningar om prisen i den private marknaden.

ProduksjonsregionSeljararSal totalt (liter)Sal til staten (liter)Sal privat (liter)Gj. mengde seld
Østfold og Vestfold71 281 939256 3901 025 549183 134
Oslo og Akershus6821 355164 274657 081136 893
Hedmark171 488 403297 6871 190 71687 553
Oppland382 450 865490 4131 960 45264 496
Buskerud7409 57881 917327 66158 511
Telemark6713 579143 278570 301118 930
Aust-Agder og Vest-Agder8532 038106 410425 62866 505
Rogaland444 908 603981 8583 926 745111 559
Hordaland og Sogn og Fjordane442 884 776586 3512 298 42565 563
Møre og Romsdal313 207 736642 0242 565 712103 475
Trøndelag888 454 9221 691 1026 763 82096 079
Nordland171 651 446330 2961 321 15097 144
Troms5403 77680 757323 01980 755
Finnmark7865 860173 179692 681123 694
Totalt32530 074 8766 025 93624 048 94092 538

 

Kva er kvoteordninga for mjølk?

Hovudføremålet med kvoteordninga for mjølk er å tilpasse produksjonen av ku- og geitemjølk til behovet i marknaden. Kvoteordninga skal også ivareta distrikts- og strukturomsyn.

Alle som har ein landbrukseigedom kan starte med mjølkeproduksjon, enten ved å kjøpe eller leige kvote. Når det gjeld geitemjølk er det berre mogleg å starte med mjølkeproduksjon i kommunar kor det er geitemjølkkvote frå før. Kvoten gir bonden eller føretaket rett til å produsere ein gjeven mengde mjølk i løpet av året.

Kvoteordninga skil mellom grunnkvote og disponibel kvote. Grunnkvoten er den kvoten som tilhøyrer landbrukseigedomen. Alle føretak som har råderett over ein grunnkvote kan få rekna ut ein disponibel kvote for å drive mjølkeproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Disponibel kvote er den kvoten som seier kor mykje mjølk ein produsent kan levere i eit kvoteår (1. januar – 31. desember).

Disponibel kvote for eit føretak eller frå ein enkelt landbrukseigedom kan i 2018 ikkje overstiga 936 000 liter kumjølk. For geitemjølk er dette produksjonstaket 900 000 liter.  

Dersom ein sel, kjøper eller leiger grunnkvotar kan det berre skje innan same produksjonsregion som kvoten tilhøyrer. Ved sal av grunnkvote må minst 20 prosent seljast  til staten, resterande mengde kan seljast i den private marknaden. Ved sal til staten er prisen kr 2,50 per liter. Pris og avtaler ved privat kjøp av kvotar må kjøpar og seljar avtale utan at staten (ved Landbruksdirektoratet) er involvert.

For sal av geitemjølkkvote, har det i 2017 og 2018 vore ei eiga ordning om oppkjøp der staten har hatt ein pris på kr 12,00 per liter innafor satsningsområdet for geitemjølk, og kr 15,00 per liter geitemjølk utafor satsningsområdet.

Les meir om mjølkekvotar
Les meir om norsk produksjon av mjølk

 

Kontaktperson

Mer om temaet