Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Forholdstalet for kumjølkkvotar i 2018 aukar

Landbruks- og matdepartementet har gjennomført 14. juni ekstraordinære kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Mjølkekyr i fjøs (Copyright: Landbruks-og matdepartementet)

Foto: Torbjørn Tandberg

På bakgrunn av drøftingane auka Landbruks- og matdepartementet forholdstalet for disponibel kvote frå 0,98 til 0,99 for 2018. I møtet gjorde Tine som marknadsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for mjølkeleveransar og mjølkebehov i 2018. Veret har skapt usikkerheit kring fôrsituasjonen.

Jordbrukets organisasjonar var uroa over fôrproduksjon i inneverande år, og manglande lager av fôr frå i fjor. Etter ei samla vurdering støtta Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag Tine sitt ønske om å heve forholdstalet frå 0,98 til 0,99 for 2018. Basert på råd frå faglaga og diskusjonen i møtet, slutta Landbruks- og matdepartementet seg til at forholdstalet for disponibel kvote kumjølk vert auka frå 0,98 til 0,99 for 2018.

Produksjonstaket for kumjølk 2018 er framleis 900 000 liter.

Kontaktperson