Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Geitemjølkkvotane for 2019 er berekna

280 geitemjølkprodusentar har fått berekna ein total disponibel kvote for produksjon av geitemjølk på om lag 21,9 mill. liter for kvoteåret 2019.

Geiter på beite i fjellheimen (Copyright: Colourbox)

Foto: Colorbox

Samanlikna med kvoteåret 2018 er det fire færre geitemjølkprodusentar og den totale disponible kvotemengda er redusert med 2,6 prosent. I 2018 fekk 284 geitemjølkprodusentar berekna ein disponibel kvote for produksjon av geitemjølk på 22,4 mill. liter.

 FYLKE
 TAL FØRETAK
 
 DISPONIBEL KVOTE I FYLKET DEL AV DISPONIBEL KVOTE I FYLKET
 Akershus 1 31 432 0,1%
 Hedmark 16 825 032 3,8%
 Oppland 33 2 150 034 9,8%
 Buskerud 16 964 404 4,4%
 Telemark 16 972 989 4,5%
 Rogaland 13 973 282 4,5%
 Hordaland 26 1 316 217 6,0%
 Sogn og Fjordane 48 3 374 697 15,4%
 Møre og Romsdal 23 2 895 722 13,2%
 Trøndelag 4 238 088 1,1%
 Nordland 25 2 395 599 11,0%
 Troms 59 5 721 218 26,2%
 Heile landet         280 21 858 714 100%



I kvoteåret 2019 er forholdstal for disponibel kvote geit 0,94. Overproduksjonsavgifta for mjølk er kr 4,80 per liter.

Utsending av kvotebrev for 2019
Geitemjølkprodusentane sine disponible kvotar for 2019 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Eit informasjonsbrev om kvoteordninga for mjølk vart sendt ut saman med kvotebrevet.

Kontaktperson

Mer om temaet