Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Geitemjølkkvotane for 2017 er berekna

288 geitemjølkprodusentar har fått berekna ein total disponibel kvote for produksjon av geitemjølk på 22,6 mill. liter for kvoteåret 2017.

 

Samanlikna med kvoteåret 2016 er det seks færre geitemjølkprodusentar og den totale disponible kvotemengda er redusert med snaue 0,2 prosent. I 2016 fekk 294 geitemjølkprodusentar berekna ein disponibel kvote for produksjon av geitemjølk på om lag 22,7 mill. liter.

Geitmjølkkvotane for 2017 er berekna (005) 

 

Marknadssituasjonen for geitemjølk
Grunna marknadssituasjonen for geitemjølk er det dei siste åra sett i verk tiltak for å redusere produksjonen. All geitemjølkkvote som vart seld til staten i perioden 2012–2016, er inndregen. Dette utgjer til saman 514 803 liter grunnkvote. I tillegg har disponibel kvote for produksjon av geitemjølk vorte redusert med to prosent i 2013, med tre prosent i perioden 2014–2016, og no med fire prosent i 2017.

Endra forholdstal for disponibel kvote og overproduksjonsavgift på mjølk
I kvoteåret 2017 er forholdstal for disponibel kvote geit 0,96 og produksjonstaket er 900 000 liter. Frå 1. januar 2017 er overproduksjonsavgifta 4,80 kroner per liter.

Utsending av kvotebrev for 2017
Geitemjølkprodusentane sine disponible kvotar for 2017 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Eit informasjonsbrev om kvoteordninga for mjølk vart sendt ut saman med kvotebrevet.