Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Geitemjølkkvotane for 2018 er berekna

284 geitemjølkprodusentar har fått berekna ein total disponibel kvote for produksjon av geitemjølk på 22,4 mill. liter for kvoteåret 2018.

geit_Håkon_Sparre_ (Copyright: Ldir)

Foto: Håkon Sparre


Samanlikna med kvoteåret 2017 er det fire færre geitemjølkprodusentar, og den totale disponible kvotemengda er redusert med snaue 0,8 prosent. I 2016 fekk 288 geitemjølkprodusentar berekna ein disponibel kvote for produksjon av geitemjølk på om lag 22,6 mill. liter

Geitemelk

I kvoteåret 2018 er forholdstal for disponibel kvote geit 0,96. Overproduksjonsavgifta for mjølk er kr 4,80 per liter.

Oppkjøpsordning for geitemjølkkvote

I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at det skulle vere ein oppkjøpsordning for geitemjølkkvotar. Oppkjøpsordninga for geitemjølkkvotar inneber at i omsetningsrunda 2018 er prisen kr 12,00 per liter for delen av grunnkvoten som blir selt til staten (minst 20 prosent). For produsentar som ligg utanfor dagens satsingsområde for geitemjølk, det vil seie Leksvik, Namsskogan, Røyrvik og Ås, er prisen kr 15,00 per liter. Ein føresetnad for desse prisane er at heile grunnkvoten på landbrukseigedomen blir selt. Ved sal av delar av kvoten er prisen kr 2,50 per liter.  

Utsending av kvotebrev for 2018

Geitemjølkprodusentane sine disponible kvotar for 2018 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Eit informasjonsbrev om kvoteordninga for mjølk vart sendt ut saman med kvotebrevet.

 

Kontaktperson