Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kumjølkkvotane for 2018 er berekna

For kvoteåret 2018 har 8 149 kumjølkprodusentar fått berekna ein total disponibel kvote for produksjon av kumjølk på om lag 1 598 mill. liter.

Melking, kujur, nært (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Foto: Mette Sattrup


Samanlikna med kvoteåret 2017 er den totale disponible kvoten redusert med 0,3 prosent og det er 432 færre produsentar. I 2017 fekk 8 581 kumjølkprodusentar berekna ein disponibel kvote for produksjon av kumjølk på om lag 1 603 mill. liter.

Kumelk_kvoter

I kvoteåret 2018 er forholdstal for disponibel kvote 0,98. Overproduksjonsavgifta på mjølk er kr 4,80 per liter.

Utsending av kvotebrev for 2018

Kumjølkprodusentane sine disponible kvotar for 2018 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Eit informasjonsbrev om kvoteordninga for mjølk vart sendt ut saman med kvotebrevet.

Kontaktperson