Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kumjølkkvotane for 2017 er berekna

For kvoteåret 2017 har 8 581 kumjølkprodusentar fått berekna ei total disponibel kvote for produksjon av kumjølk på om lag 1 603 mill. liter.

Samanlikna med kvoteåret 2016 er den totale disponible kvoten redusert med 1,8 prosent og det er 234 færre produsentar. I 2016 fekk 8 815 kumjølkprodusentar berekna ei disponibel kvote for produksjon av kumjølk på om lag 1 632 mill. liter.

Kumjølkkvotane for 2017 er berekna (005)

 

Endra forholdstal for disponibel kvote og overproduksjonsavgift på mjølk
I kvoteåret 2017 er forholdstal for disponibel kvote ku 0,98. Frå 1. januar 2017 er overproduksjonsavgifta på mjølk 4,80 kroner per liter. Produksjonstaket er framleis 900 000 liter.

Utsending av kvotebrev for 2017
Kumjølkprodusentane sine disponible kvotar for 2017 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Eit informasjonsbrev om kvoteordninga for mjølk vart sendt ut saman med kvotebrevet.