Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kumjølkkvotane for 2019 er berekna

For kvoteåret 2019 har 7 831 kumjølkprodusentar fått berekna ein total disponibel kvote for produksjon av kumjølk på om lag 1 594 mill. liter.

Bonde koster fôrbrett i kufjøs (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Foto: Mette Sattrup, copyright: Landbruksdirektoratet

Samanlikna med disponibel kvote frå januar 2018 er den totale disponible kvoten redusert med 0,3 prosent og det er 318 færre produsentar. I januar 2018 fekk 8 149 kumjølkprodusentar berekna ein disponibel kvote for kumjølk på 1 598 mill. liter.

 


FYLKE


 TAL FØRETAK  

 
 DISPONIBEL KVOTE I FYLKET  

 
 DEL DISPONIBEL KVOTE I FYLKET

Østfold12535 732 9092,2%
Akershus12029 167 5271,8%
Oslo2403 7410,0%
Hedmark48691 686 8845,8%
Oppland1 023178 042 89411,2%
Buskerud17634 933 0602,2%
Vestfold6017 821 8271,1%
Telemark8114 599 5060,9%
Aust-Agder8313 938 7740,9%
Vest-Agder22036 120 6332,3%
Rogaland1 172284 504 38817,9%
Hordaland49882 982 7935,2%
Sogn og Fjordane760 111 954 156 7,0%
Møre og Romsdal 689 145 907 501 9,2%
Trøndelag 1 530 346 220 358 21,7%
Nordland 530 110 754 628 6,9%
Troms 185 36 388 134 2,3%
Finnmark 91 22 632 444 1,4%

  
Heile landet

  
7 831

  
1 593 792 157

  
100%

I 2019 er forholdstal for disponibel kvote 0,98 og produksjonstaket er 900 000 liter. Overproduksjonsavgifta på mjølk er kr 4,80 per liter.

Utsending av kvotebrev for 2019
Kumjølkprodusentane sine disponible kvotar for 2019 går fram av kvotebreva som Landbruksdirektoratet har sendt ut. Eit informasjonsbrev om kvoteordninga for mjølk vart sendt ut saman med kvotebrevet.

Kontaktperson

Mer om temaet