Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Om kumjølkvotar og kvoteår

Det er inga endring i kumjølkkvotane for 2014, men starttidspunktet for kvoteåret er endra.

Limousin - ren kjøttferase (Copyright: Colourbox.com)

Inga endring i kumjølkkvotane for 2014
Landbruks- og matdepartementet (LMD) drøfta fredag 31. januar kvotar med Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Forholdstalet for disponibel kvote vert fastsett til 1,03, det vil seie det same som i inneverande kvoteår. 

I møtet gjorde Tine greie for markedssituasjonen i dag og forventningar om året som kjem. Dei ønskte eigentleg eit forholdstal på 1,05. Dette vart støtta av faglaga. LMD la likevel til grunn at prognosane ikkje tilsa ei auke i forholdstalet, og sette difor forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,03 for kvoteåret 2014. Dette er altså det same som i inneverande kvoteår.  Produksjonstaka er ikkje endra. 

Nytt starttidspunkt for kvoteåret
Etter eit høyringsmøte 31. januar med Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Q-Meierienes produsentlag og Tine SA, bestemde LMD at starttidspunktet for kvoteåret for kumjølk skulle flyttast tilbake til 1. januar. Kvoteåret for kumjølk vil dermed gå frå 1. januar til 31. desember. Dette skal ha verknad allereie frå 1. januar 2014, samtidig som inneverande kvoteår 2013/2014 skal gå fram til 28. februar. I overgangsåret 2014 vil dermed leveransane i januar og februar telle med når totalleveransane for begge kvoteåra blir berekna. 

Overproduksjonsavgifta for kvoteåret 1. mars 2013 – 28. februar 2014 (”gammelt kvoteår”) skal krevast inn som normalt. Satsen for overproduksjonsavgift for kvoteåret 2014 (”nytt kvoteår”) blir satt til 10/12 av noverande sats, det vil seie om lag 2,60 kroner per liter.

Mjølkeprodusentane som har selt eller leigd ut delar av kvoten sin for kvoteåret 2014 (nytt kvoteår) får produsere heile sin disponible kvote for kvoteåret frå 1. mars til 31. desember 2014.

Forskrifta skal justerast så raskt som mogleg. SLF varslar at kvotebreva kan bli sende ut noko seinare enn vanleg, som følgje av desse endringane. 

Klikk for meir informasjon om kvotefastsetting og flytting av kvoteåret på LMD sin nettstad.

Kontaktperson

Mer om temaet

Eksterne lenker