Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Statistikk og utviklingstrekk for mjølkekvotar

Tal for kvoteåret 2017 viser at det er 8 581 mjølkeproduksjonsforetak i Noreg, som til saman disponerer ein kvote på om lag 1 603 mill. liter kumjølk.

Landbruksdirektoratet har nå oppdatert statistikken og sett på utviklingstrekka for mjølkekvotar for ku og geit.

Talet på føretak med kumjølkproduksjon har gått jamt nedover dei siste 15 åra. Frå 2003 til 2017 er det ein reduksjon på om lag 51 prosent.

Gjn kvote og føretak

Figur: Utvikling i gjennomsnittskvote og talet på føretak (2003–2017)

Figuren viser at utviklinga i mjølkeproduksjonen går i retning av færre, men større mjølkeprodusentar. Medan mengda produsentar går jamt nedover, har gjennomsnittskvoten auka.

Her finn du statistikk og utvikling om mjølkekvoter

Kva er kvoteordninga for mjølk?

Hovudføremålet med kvoteordninga for mjølk er å tilpasse produksjonen av ku- og geitemjølk til behovet i marknaden. Kvoteordninga skal også ivareta distrikts- og strukturomsyn. Ein kvote er ein rett til å produsere ei gjeven mengde mjølk i løpet av ein bestemt periode. I kvoteordninga for mjølk skil vi mellom grunnkvote og disponibel kvote.

 Les meir om mjølkekvoter