Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Kva er ein disponibel kvote?

Ein disponibel kvote kan setjast saman av ein eller fleire grunnkvoter. Vi syner fleire døme under, med forklaring undervegs.

Døme 1

Disponibel kvote 1 

 

 

 

I døme 1 har føretak A fått råderett over to grunnkvotar. Føretaket har fått råderett over dei to grunnkvotane gjennom å leige dei. Vi finn den disponible kvoten til føretak A ved å leggje saman dei to grunnkvotane, og deretter multiplisera med forholdstalet for disponibel kvote.

 

Hugs også at:

Disponibel kvote er produksjonskvoten som vert berekna for alle aktive mjølkeproduksjonsføretak ved starten av kvart kvoteår. Dersom behovet for mjølk endrar seg ut i løpet av kvoteåret, kan føretaka få berekna nye, disponible kvotar undervegs i kvoteåret.

Forholdstalet for disponibel kvote vert fastsett før kvart kvoteår av Landbruks- og  matdepartementet i samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Dersom føretaka skal få berekna nye disponible kvotar undervegs i kvoteåret, må det fastsetjast nytt forholdstal for slik berekning.

Produksjonstaket er 900 000 liter.

 

Døme 2

 

  

Disponibel kvote 2

I døme 2 har føretak B fått råderett over to grunnkvotar. Landbruksdirektoratet skal berekne den disponible kvoten, og i dette dømet er forholdstalet for disponibel kvote er 1,03. Vi finn den disponible kvoten til føretak B ved å leggje saman dei to grunnkvotane, og deretter multiplisere med forholdstalet. Som du ser vert likevel ikkje disponibel kvote 1 030 000 liter. Dette er fordi produksjonstaket avgrensar kor stor ein disponibel kvote kan verte.

 

Døme 3

 

 

Ein av hovudreglane i kvoteordninga er at kvote ikkje kan flyttast ut av produksjonsregionen. Denne regelen gjeld også når ein skal berekne disponibel kvote. Dersom ein mjølkeprodusent ønskjer det kan ho/han produsere mjølk i fleire regionar. Produsenten kan likevel IKKJE flytte kvote mellom regionane.

  Disponibel kvote 3

 

Dømet over syner føretak C, som har fått råderett over ein grunnkvote i Møre og Romsdal, og ein i Trøndelag. Føretaket søker til Landbruksdirektoratet om å få berekna ein disponibel kvote til sitt føretak. Landbruksdirektoratet godkjenner dette, sjølv om grunnkvotane ligg i to ulike produksjonsregionar. Føretaket C kan IKKJE flytte kvotane frå produksjonsregionane, sjølv om kvotane inngår i same disponible kvote. Den delen av den disponible kvoten som er berekna med utgangspunkt i grunnkvote frå Trøndelag må produserast i Trøndelag og den delen som er berekna med utgangspunkt i grunnkvote frå Møre og Romsdal må produserast i Møre og Romsdal.