Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Kva er ein grunnkvote?

Ein grunnkvote kan setjast saman av kvote som er tildelt eller kjøpt til ein landbrukseigedom. Vi syner dette i figuren under.

Grunnkvote

Grunnkvoten i dømet over er sett saman av den kvoten som ein gong vart tildelt landbrukseigedomen, og den kvoten som har vorte kjøpt til eigedomen i ettertid. Deretter er grunnkvoten fastsett av forholdstalet for grunnkvote, som her er 1,01.

 

 

 

 

Hugs også at:

Grunnkvoten er den kvoten som tilhøyrer landbrukseigedomen. Vert landbrukseigedomen selt, skal grunnkvoten følgje med.

Grunnkvoten kan endrast ved at forholdstalet for grunnkvote endrast. Vert forholdstalet sett opp frå 1,00 til 1,02, aukar grunnkvoten med 2 prosent. Forholdstalet for grunnkvote vert fastsett før kvart kvoteår av Landbruks- og  matdepartementet i samråd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Grunnkvoten utgjer grunnlaget for kor mye mjølk som kan produserast, men dette vert endeleg avgjort når den disponible kvoten vert berekna.

Kor stor ein grunnkvote kan verte er ikkje avgrensa.