Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Overproduksjonsavgift

Døme 1

 

 

 

Overproduksjonsavgift 1  

Føretak A har ein grunnkvote på 250 000 liter. Forholdstalet for disponibel kvote vert sett til 1,04. Føretak A får ein disponibel kvote på 260 000 liter. Ved slutten av kvoteåret har føretaket levert 300 000 liter mjølk. Dette inneber at føretaket skal betale overproduksjonsavgift for 40 000 liter mjølk.

 

 

 

 

Døme 2

 

 

 

Overproduksjonsavgift 2

 

Føretak A, B og C har disponibel kvote på 100 000 liter. Ved slutten av kvoteåret har føretak A og B levert 120 000 liter mjølk kvar, medan føretak C har levert 60 000 liter mjølk. Det vert treft vedtak om at føretak A, B og C reelt sett inngår i éi felles verksemd, eller på andre måtar oppnår skalafordeler gjennom samarbeid (driftsfellesskap).

Dei tre føretaka sett under eitt har ikkje levert over kvote. Til saman har likevel føretak A og B levert 40 000 liter over sine disponible kvotar. Den ansvarlege skal difor betale overproduksjonsavgift for 40 000 liter mjølk.

Dersom partane hadde søkt om å få berekna felles disponibel kvote på førehand, ville dei i dette høvet sloppe å betale overproduksjonsavgift.

 

Døme 3

 Overproduksjonsavgift 3

 

Føretak A har ein disponibel kvote på 500 000 liter, medan føretak B har ein disponibel kvote på 550 000 liter. Til saman har dei disponible kvotar på 1 050 000 liter. Ved slutten av kvoteåret har føretak A levert 520 000 liter mjølk, mens føretak B har levert 570 000 liter mjølk.

Det vert treft vedtak om at føretak A og B reelt sett inngår i éi felles verksemd, eller på andre måtar oppnår skalafordeler gjennom samarbeid (driftsfellesskap).

Føretak A og B har til saman levert 40 000 liter mjølk over sine disponible kvoter. Totalt har dei levert 1 090 000 liter mjølk. Det betyr at dei har levert 190 000 liter over produksjonstaket som er 900 000 liter mjølk. Sidan sistnemnde berekning utgjer den høgaste avgifta skal den ansvarlege betale overproduksjonsavgift for 190 000 liter mjølk.