Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskot mjølk

Melkeglass og smør.  (Copyright: Colourbox.com )

Føremålet med pristilskot til mjølk er å medverke til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å halde ved lag busetnad og sysselsetjing i distrikta for å jamne ut skilnadar i produksjonen. Tilskota skal også bidra til å jamne ut ulikskapar i lønsemd mellom ulike bruksstorleikar generelt.

Det er to typar pristilskot til mjølk: Grunntilskot til geitemjølk og distriktstilskot til ku- og geitemjølk. Utbetaling skjer saman med oppgjer for levert mjølk til meieri eller direkte frå Landbruksdirektoratet etter rapportering av lokalt foredla mjølk.

  • Heimel og informasjon om klageadgang

  • Grunntilskot geitemjølk

    Grunnlaget for grunntilskotet er liter geitemjølk levert til meieri eller foredla og seld direkte (sjå lokal foredling mjølk). Satsen for grunntilskot for geitemjølk er lik over heile landet.

     

    Inga endring etter jordbruksoppgjeret i 2016

    Satsen for grunntilskot for geitemjølk frå 1. januar 2017 er den same som i 2016.

  • Distriktstilskot mjølk

    Produsentar kan få distriktstilskot for ku- og geitemjølk som er produsert innanfor kvote, jf. Forskrift om pristilskudd i landbrukssektoren § 5. Tilskot blir ikkje gitt til mjølk som er kassert.

    Grunnlaget for distriktstilskotet er tal på liter mjølk levert til meieri, eller foredla og seld direkte (sjå lokal foredling mjølk). Tilskotet er differensiert med ulike satsar i ti geografiske soner frå A til J. I sone A er satsen for tilskotet kr 0,-. Soneinndelinga er skildra i vedlegg 2 til jordbruksavtalen og synleggjort i sonekartet. I sonekartet kan du slå opp på produksjonsføretaket sitt gards- og bruksnummer eller organisasjonsnummer, og finne sone for mjølkeprodusenten.

     

    Ingen endringar etter jordbruksoppgjeret 2016

    Satsane for distriktstilskot mjølk frå 1.januar 2017 er dei same som i 2016.

     

  • Soner distriktstilskot mjølk og driftssenter

    Distriktstilskot mjølk er geografisk differensiert i ti soner og blir gjeve i samsvar med ei soneinndeling skildra i vedlegg 2 til jordbruksavtalen. Sonene er synleggjorde i sonekartet.

    Distriktstilskotet blir utbetalt etter kvar driftssenteret til føretaket ligg. Rett driftssenter er der driftsbygninga er plassert. Har føretaket husdyrproduksjon i fleire driftsbygningar, er driftssenteret den bygninga som står for den største delen av føretaket si omsetning på årleg basis. Det er den bygninga der dyra høyrer til størstedelen av året som skal vere driftssenter. Har føretaket dyr på setra om sommaren, skal setra ikkje vere driftssenteret.

     

    Bakgrunn for mjølkesonene

    Det første distriktstilskotet for mjølkeproduksjon vart gjeve i form av eit Nord-Noreg-tilskot i 1940. I tiåra som følgde fekk mjølkeprodusentar i stadig fleire delar av landet rett til tilskot, og landet vart delt i ulike tilskotssoner. I 1980 vart Utvalg for distriktstiltak for landbruket oppnemnd som følgje av lokal misnøye med desse sonegrensene. Utvalet hadde som mandat å ta for seg kriteria for fastsetjing av sonegrensene for å sikre akseptable soneovergangar. Utvalet kunne også ta stilling til søknadar om endring av sonegrenser.

    Mjølkesonene slik dei er fastsette av departementet sitt Utvalg for distriktstiltak for landbruket (1980-1999) er samla i vedlegg 2 til jordbruksavtalen. Dette er i dag det juridiske grunnlaget for sonene. Dersom ei justering til høgare sone frå dette utvalet ikkje er attgjeve i vedlegget, kan Landbruksdirektoratet spele inn dette til avtalepartane i neste jordbruksoppgjer. Ein må kunne leggje fram kopi av fastsetjinga.

     

    Varige soner

    Etter jordbruksoppgjeret i 2000 har det ikke vært anledning til å søke avtalepartane om justering av sone for distriktstilskot mjølk. Landbruksdirektoratet kan ikkje justere sone for eit føretak etter søknad.

    I jordbruksoppgjeret 2004 vart avtalepartane samde om å vurdere ei forenkling av sonegrensene for distriktstilskot mjølk og kjøt. I 2006 leverte ei partssamansett arbeidsgruppe rapporten «Forenkling av sonegrenser for distriktstilskudd melk og kjøtt». Arbeidsgruppa konkluderte med følgjande:

    «Arbeidsgruppa kan ikke finne noen måte for omfordeling av midler som er forenlig med ønske om forenkling av regelverk og forvaltning uten at det vil få store økonomiske konsekvenser for enkeltprodusenter.

    Med bakgrunn i dette foreslås det at ordningene distriktstilskudd kjøtt og distriktstilskudd melk videreføres i tråd med dagens praksis. Arbeidsgruppa mener at de eksisterende sonegrensene fortsatt skal holdes uendret, slik flertallet av en partssammensatt arbeidsgruppe kom frem til forut for jordbruksforhandlingene i 2000. Dette innebærer også at forvaltningen ikke kan gi dispensasjon fra bestemmelsene om soneinndeling ettersom dette er fastsatt av avtalepartene.»

     

    • Regelverk

    • Ansvar for riktig registrering av driftssenter

      Mjølkeprodusenten er heile tida ansvarleg for at forvaltinga har korrekt informasjon om kvar driftssenteret til føretaket ligg. Koordinatane til driftssenteret er registrerte i Landbruksregisteret på det gards- og bruksnummeret føretaket er kopla til.

      I sonekartet finn produsenten ut om driftssenteret er registrert på riktig bygning og kva for ei sone føretaket ligg i. Sjå rettleiing for korleis du brukar kartet.

       

      Feil sone eller feil registrert driftssenter – kva må produsenten gjere?

      • Driftssenteret er markert på feil bygning eller eigedom i kartet. Kontakt kommunen og be dei rette opp feilen i Landbruksregisteret.
      • Driftssenteret er markert på rett bygning i kartet, men ligg i ei anna sone enn den som er brukt i avrekninga frå meieriet. Kontakt Landbruksdirektoratet på telefon eller e-post.
      • Driftssenteret er flytta til ein annan driftsbygning eller ein annan eigedom, eventuelt som følgje av at ein annan husdyrproduksjon står for den største omsetninga til føretaket på årsbasis. Kontakt kommunen og be dei endre driftssenteret til riktig driftsbygning i Landbruksregisteret.
      • Dersom endring av driftssenteret også fører til plassering i ei anna sone, ta kontakt med Landbruksdirektoratet, slik at vi kan registrere riktig distriktssone for føretaket.

       

      Får føretaket utbetalt for mykje distriktstilskot, må føretaket betale tilbake det som er for mykje.

      Får føretaket utbetalt for lite distriktstilskot, kan ikkje føretaket krevje å få dette etterbetalt.