Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kompetanseutvikling i landbruket - KIL

Gårdsbruk med fjøs og låve i landskap_674x279 (Copyright: Colourbox.com, bruksrett Landbruksdirektoratet)

Tilskotsordninga skal medverke til utvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod. Utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som driv fagleg eller økonomisk aktivitet overfor målgruppene kan søkje om tilskot. Formålet med midla er å bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar i primærlandbruket eller innan andre næringar knytt til landbruket.

I årets jordbruksoppgjer oppretta avtalepartane den nye tilskotsordninga Nasjonale tilretteleggingsmiddel (NT), som òg omfattar KIL-midla. Midla skal etter planen lysast ut felles på våre nettsider i desember 2019, med søknadsfrist i februar 2020.

  • Utlysing av 2020-middel

  • Rapportering

    Rapportering undervegs i prosjektet
    Prosjekteigar skal så snart som mogleg melde frå til Landbruksdirektoratet dersom prosjektet vert forseinka eller om det er andre endringar som får økonomiske følgjer eller stor innverknad på resultata i prosjektet. Prosjekteigar skal då gjere greie for og grunngje endringane, og eventuelt leggje fram ein oppdatert prosjektomtale og budsjett. Landbruksdirektoratet skal godkjenne endringane.

    Krav til sluttrapportering
    Prosjekteigar skal sende prosjektrapport og sluttrekneskap til Landbruksdirektoratet innan fristen i tildelingsbrevet, jf. retningslinene for KIL. Skjema for sluttrapportering  finn du på nettsidene våre. Rapporten skal innehalde ei vurdering av om prosjektet har nådd måla slik dei er omtala i søknaden. I tillegg må de leggje ved eit prosjektrekneskap som viser budsjett og faktiske utgifter. De skal føre rekneskapen slik at Landbruksdirektoratet enkelt kan samanlikne det med godkjend budsjett og finansieringsplan. Dersom kostnadane i prosjektet vert mindre enn budsjettert kan Landbruksdirektoratet redusere tilskotet.

    Omtale av prosjektet
    Landbruksdirektoratet omtalar prosjektet på sine nettsider og vil der informere om resultata frå prosjektet med grunnlag i sluttrapporten. I eigne omtalar skal prosjekteigar opplyse om at prosjektet er støtta med middel til kompetanseutvikling over jordbruksavtalen.

  • Utbetaling

    Landbruksdirektoratet kan utbetale tilskot inntil to gongar per år. Landbruksdirektoratet kan utbetale inntil 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden dersom de sender ein førespurnad i form av skjema som ligg på våre nettsider. Førespurnaden om utbetaling må innehalde faktiske dokumenterte utgifter og ein kort statusrapport. Rekneskapen skal vere attestert av økonomiansvarleg hjå verksemda som er prosjekteigar. Ved behov kan vi be om ytterligare dokumentasjon i form av revisorattestert rekneskap, kopi av faktura, utskrift av hovudbok, reskontro og bankutskrifter.

    Ved sluttutbetaling skal prosjekteigar sende inn ein sluttrapport saman med utbetalingsanmodninga. Landbruksdirektoratet held tilbake 25 prosent av tilskotet fram til rekneskapen og prosjektrapporten er godkjent.

    For å få pengane utbetalt frå Landbruksdirektoratet må du registrere kontonummer for utbetaling via Altinn.

  • Tildelte middel 2016-2019

Kontakt

Siste nyheter