Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nasjonale tilretteleggingsmiddel

Steinsletta i Buskerud (Copyright: Fylkesmannen i Rogaland)

Tilskotsordninga nasjonale tilretteleggingsmiddel vart oppretta i jordbruksoppgjeret 2019. Tilskot til kompetanseutvikling i landbuket (KIL) er lagd inn i den nye ordninga, som vert forvalta av Landbruksdirektoratet.

Ordninga skal støtte nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Midla kan ikkje gå til å støtte forskingsprosjekt eller ordinære driftskostnadar. Rammene for tilskotet vert årleg fastsatt i jordbruksoppgjeret og statsbudsjettet.

  • Utlysing av 2020-middel

    Ramme: Det er om lag 6 mill. kroner til disposisjon for nye prosjekt med oppstart i 2020.

    Søknadsfrist: Måndag 1. juni 2020 kl. 13.00

    Prosjektvarigheit: 1-3 år

    Prosjektstorleik: Som hovudregel tildelar Landbruksdirektoratet inntil 500 000 kroner per prosjekt for heile prosjektperioden. Det kan ved visse høve vere aktuelt å innvilge større prosjekt dersom søknaden svarar til eit særleg viktig behov i næringa. Landbruksdirektoratet kan gje tilskot på inntil 75 prosent av godkjente kostnader i prosjektet. Regelverket om offentleg støtte vil kunne setje avgrensingar for støttegrad og tildeling (sjå avsnitt om bagatellmessig støtte).

    Kven kan søkje?
    Organisasjonar og institusjonar registrert i Enhetsregisteret kan søkje om prosjektmiddel. Føretak kan òg søkje dersom tiltaket har som formål å fremje fellesgode knytt til næringsutvikling og kompetanseheving på tvers av fylkesgrenser eller med nasjonale mål. Søkjer du om tilskot til utvikling av kompetansetilbod finnast det ytterligare føringar, sjå panelet under.

    Kva kan du søkje om middel til?
    Tilskotsordninga skal støtte opp om nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Døme på slike tiltak kan vere rekruttering, mobilisering, kunnskapsutvikling (kartleggingar eller liknande), omdømebyggjing, nettverksbyggjing, utvikling av kompetansetilbod eller andre kompetansehevande tiltak. Søkjer du om tilskot til utvikling av kompetansetilbod finnast det ytterligare føringar, sjå panelet under.

    Det vert ikkje gjeve tilskot til forskingsprosjekt, ordinære driftskostnadar eller innkjøp av varig utstyr.

    Vurdering av søknadar

    Søknadar av god kvalitet som svarar til utlysinga og formålet til tilskotsordninga vil bli prioritert. Følgjande vil bli lagd vekt på ved vurdering av søknadar:

    • kan vise til nytteverdi for heile eller delar av næringa i heile eller store delar av landet
    • har god forankring i næringa.  Det vil kunne telje positivt dersom prosjektet har samarbeidspartnarar.
    • kan vise til at tiltaket vil kunne føre til auka verdiskaping i landbruket
    • kan vise til at det er eit reelt behov for eit slikt tiltak, og at prosjektet tilfører noko nytt utover allereie eksisterande tiltak og prosjekt
    • har konkrete planar for vidareføring av tiltaket etter at prosjektet er avslutta, der dette er aktuelt

     

    For utvikling av kompetansetilbod vil det i tillegg leggjast vekt på følgjande:

    • tilbodet gir betydeleg fagleg og/eller økonomisk nytteverdi for yrkesutøvarane
    • det vert sett på som viktig at tilboda gir formell kompetanse på vidaregåande nivå eller høgare, men det er i særskilte tilfelle høve til å støtte tilbod som ikkje gir slik kompetanse
    • lærings- og overføringsverdi
    • tilbod innanfor årlege prioriterte område. Sjå meir info under «Tilskot til utvikling av kompetansetilbud»


    Bagatellmessig støtte
    Føretak vil få utbetalt støtta som bagatellmessig støtte, i samsvar med regelverket om offentleg støtte. Dette er støtte som er unnteke EØS-avtalen sitt generelle forbod mot statsstøtte. Grunngjevnaden for unntaket er at mindre støttebeløp ikkje er eigna til å vri konkurransen eller påverke samhandelen i strid med EØS-avtalen. Bagatellmessig støtte kan difor gjevast utan at den vert forhandsgodkjent av eller meldast til ESA (Efta sitt overvåkingsorgan). Føresetnaden er at støtta fyller alle kriteria fastsett i EU/ESA sine reglar for slik støtte. Kriteria er nærmare skildra i Kommisjonen si forordning nr. 1407/2013 (Forordningen) som er gjort til norsk lov gjennom forskrift av 14.11.2008 nr. 1213 § 2.

    Ei verksemd kan ikkje motta meir enn 200 000 EUR i bagatellmessig støtte over ei periode på tre rekneskapsår. Beløpsgrensa gjeld all støtte samla og ikkje per støttegjevar. Det vil seie at dersom verksemda di har motteke bagatellmessig støtte frå andre instansar dei siste tre rekneskapsåra så vil maksimal støtte frå Landbruksdirektoratet verte avgrensa tilsvarande. Vi gjer i denne samanhengen merksam på at alle verksemder i same konsern vert sett på som ein del av same føretak.

    Landbruksdirektoratet vil i forkant av ei eventuell tildeling av bagatellmessig støtte be om ei skriftleg stadfesting og oversikt over all anna bagatellmessig støtte som føretaket har motteke i dei to føregåande rekneskapsåra, samt inneverande rekneskapsår.

    Du kan lese meir om kva som vert rekna som bagatellmessig støtte og som eit føretak på Nærings- og fiskeridepartementet sine nettsider.

  • Tilskot til utvikling av kompetansetilbud

    Ordninga nasjonale tilretteleggingsmiddel vart oppretta i jordbruksoppgjeret 2019. Tilskot til kompetanseutvikling i landbuket (KIL) vart samstundes lagd inn i denne ordninga. Søknadar om tilskot til utvikling av kompetansetilbod må difor svare til formål og retningslinjer for KIL, som skildra under. Hugs å krysse av i søknadsskjemaet dersom prosjektet ditt gjeld utvikling av kompetansetilbod.

    Kven kan søkje?
    Utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som driv fagleg eller økonomisk aktivitet overfor yrkesutøvarar i primærlandbruket eller innan andre næringar knytt til landbruket kan søkje om tilskot til utvikling eller vidareutvikling av kompetansetilbud.

    Kva kan du søkje om middel til?
    Midla skal gå til utvikling eller vidareutvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod retta mot yrkesutøvarar i primærlandbruket eller innan andre næringar knytt til landbruket. Det vert ikkje gjeve tilskot til rein gjennomføring av kompetansetilbod. Prosjekt som har potensial til å bli eit tilbod til ein stor del av produsentane innan den aktuelle produksjonen vil bli prioritert. Tilbodet som vert utvikla skal som eit minimum gje eit skriftleg kompetansebevis.

    Det er særskilt ønskeleg med kompetansetilbod som kan gje yrkesutøvarar i primærlandbruket auka kompetanse i å tilpasse produksjon og drift etter nye klimatiske forhold. Det trengs kunnskap om førebyggjande tiltak, samt kompetanse i handtering av krevjande situasjonar knytt til ekstreme verforhold som tørke og flom.

    For at norsk landbruk skal nå sine målsetjingar om å redusere eigne klimagassutslepp og sikre ei miljøvenleg næring er det viktig at ny kunnskap og aktuelle klima- og miljøtiltak, herunder agronomi, vert formidla og iverksett i primærleddet.

    Det er vidare ønskeleg med kompetansetilbod som kan styrke norsk dyrehelse, dyrevelferd og plantehelse.

    Utdanningstilbod og kompetansebyggjing er òg trekt fram som viktige tiltak i nasjonal strategi for økologisk jordbruk (2018-2030) som regjeringa la fram i 2018.

  • Slik søkjer du

    Søkjar må logge seg inn i søknadsskjema via Altinn, og må ha fått delegert riktig rettighet i Altinn av egen organisasjon for å kunne fylle ut og sende inn søknad.

    I tillegg må søkjar fylle ut ein prosjektomtale og laste den opp som vedlegg til den elektroniske søknadan. Bruk malen for prosjektbeskrivelse (bokmål) eller malen for prosjektomtale (nynorsk). Malane for prosjektomtale er òg tilgjengelege i den digitale løysinga.

    Søkjar er ansvarleg for å sende inn fullstendig søknad med relevante vedlegg innan fastsett frist. Signert intensjons- eller samarbeidsavtale mellom søkjar og eventuelle samarbeidspartnarar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom endeleg samarbeidsavtale ikkje er inngått på dette tidspunktet skal den ettersendast Landbruksdirektoratet dersom prosjektet vert innvilga. 

    Vidare krav til søknaden går fram av søknadsskjemaet. Sjå dessutan retningslinjer for forvaltning av Nasjonale tilretteleggingsmidler (NT) og retningslinjer for forvaltningen av tilskudd til kompetanseutvikling i landbruket (KIL) .   

    Merk, i Altinn kan einast éin søknad opprettast per føretak om gongen
    På vegne av same føretak er det einast éin om gongen som kan opprette og sende inn søknad i Altinn. For føretak som ønskjer å sende inn fleire søknadar, kan denne avgrensinga skape problem dersom fleire ventar med å sende inn søknad til siste dag før fristen går ut.  Ein søkjar frå same føretak vil kome inn i ein allereie lagra søknad, dersom den ikkje er sendt inn. Vi tilrår difor å sende inn søknaden rett etter at den er oppretta i staden for å nytte seg av funksjonen med å lagre søknaden førebels, for å sende den på eit seinare tidspunkt.

    Vi oppfordrar føretak som skal sende inn fleire søknadar om å koordinere oppretting og innsending av søknadar. De kan arbeide med prosjektomtale og andre vedlegg som skal følgje søknaden utanfor Altinn, og laste desse opp i den elektroniske søknadan når den skal sendast inn.

    Ver merksam på at alle brev i saka vil gå til føretaket sin Altinn-innboks, med varsel på e-post/tlf. til kontaktperson for prosjektet.