Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

10. januar 2020: Frist for etterregistrering for produksjons- og avløysartilskot

Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid hadde i 2019 søknadsfrist 15. mars og 15. oktober. Dersom du leverte søknad, er det enkelte opplysningar i søknaden som kan etterregistrerast. Fristen for etterregistrering er 10. januar 2020.

Sauer på innmark (Copyright: SLF)

 

For søknadsåret 2019 kan desse opplysningane etterregistrerast fram til og med 10. januar: 

  • Avløysarutgifter som føretaket har hatt etter 15. oktober
  • Dyr som er sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun selde etter 15. oktober
  • Rugeegg levert til rugeri etter 15. oktober
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland selde etter 15. oktober
  • Poteter produsert i Nord-Norge selde etter 15. oktober

Du treng ikkje å etterregistrere avløysarutgifter dersom føretaket allereie ved utfylling av søknad del 2 (frist 15. oktober) hadde hatt og registrert avløysarutgifter som var minst like store som føretaket sitt potensielle tilskotsgrunnlag.

Dei etterregistrerte opplysningane skal leggjast til dei tala du allereie har fylt ut i søknaden.
Eksempel: Då du leverte søknad i oktober oppgav du at du hadde 20 000 kroner i avløysarutgifter så langt i 2019. Du har i ettertid hatt 10 000 kroner meir i utgifter. Når du då etterregistrerer dei siste avløysarutgiftene dine, oppdaterer du talet i søknaden til 30 000 kroner (20 000 kr + 10 000 kr).

Kor finn du søknaden?
Etterregistrering av opplysningar skjer i same søknadsskjema som du fylte ut tidlegare. Du loggar inn i den elektroniske søknaden frå denne sida.

Påminning om fristen på SMS og/eller e-post

I søknadsskjemaet for søknad 2019 del 2 måtte du svare på om du ville ha påminning om etterregistreringsfristen eller ikkje. Dersom du har kryssa «ja» på spørsmål om påminning om etterregistreringsfristen, vil du få påminning per SMS og/eller e-post til det telefonnummeret og/eller e-postadressa som du registrerte i søknaden. Påminninga kjem 2 – 3 dagar før fristen 10. januar 2020.
Har du spørsmål?
Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

Meir informasjon om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid finn du her.

 

Kontaktperson

Mer om temaet