Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Førebu deg til søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid i oktober

No er informasjonsmateriell for søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid tilgjengeleg på nettsida vår.

Kalv drikker fra flaske (Copyright: Colourbox.com)

Foto: Colourbox.com

 

Du finn no rettleiar, rundskriv og anna informasjon for søknad om produksjonstilskot på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Frå og med 1. oktober kan du levere del 2 av søknaden om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Søknadsfristen er 15. oktober. Søknaden leverer du elektronisk via Altinn. Det er kommunen som handsamar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot.

 

Kven kan søke?

Både føretak som driv med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søke om tilskot i oktober.

 

Finn informasjon om regelverk og tilskotsordningar i rettleiingsheftet

I Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid finn du informasjon for søknadsomgangen i oktober 2017. Her kan du lese meir om tilskotsordningane og regelverket. Endringar som følgje av årets jordbruksoppgjer og rettleiing for utfylling av søknaden er også beskrive i heftet. Sjå óg informasjonsskrivet for deg som søker om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

 

Rundskriv inneheld også relevant informasjon for deg som søker

På nettsida vår finn du rundskriv med relevant informasjon om regelverket. Søker du om produksjons- og avløysartilskot, må du kjenne dei juridiske føresegnene i dei relevante forskriftene og i jordbruksavtalen. I rundskriv 2017-27 er reglane om produksjonstilskot og avløysartilskot beskrive nærmare og kommenterte av Landbruksdirektoratet. Rundskrivet kan vere til god hjelp for å setje deg betre inn i regelverket.

 

Ver tidleg ute med å søke

Landbruksdirektoratet har utvikla eit nytt elektronisk søknadsskjema, som blei brukt første gong ved del 1 av søknaden i mai (del 1 var berre for husdyrprodusentar). Det nye søknadsskjemaet ser annleis ut enn det gamle skjemaet, og det har nokre nye funksjonar. Fleire av opplysningane du oppgir i søknadsskjemaet vil bli kontrollert av systemet før du sender inn søknaden. Kontrollane reduserer risikoen for at du fører opp feil opplysningar i søknaden.

Vi anbefaler at du er tidleg ute med å søke. Dersom du treng rettleiing, kan du lese meir om nytt system for søknad om produksjonstilskot på våre nettsider eller ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune i god tid før søknadsfristen.

 

Skal du søke om produksjonstilskot for første gong?

Då bør du kontakte landbrukskontoret i kommunen din i god tid før søknadsfristen. Du må mellom anna sikre at føretaket ditt er registrert i Landbruksregisteret. Landbruksregisteret viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Her finn du informasjon som kan vere nyttig dersom du er nyoppstarta i landbruket.

 

Brukarskifte i mjølkeproduksjonen

Dersom du planlegg brukarskifte før teljedato 1. oktober, må du og ny brukar melde frå til meieriet i god tid før brukarskiftet skal skje. For å få produksjonstilskot for mjølkekyr er det eit krav at føretaket som søker, disponerer mjølkekvote på teljedato 1. oktober. Ver merksam på at mjølkekvota må vere knytt til organisasjonsnummeret til føretaket som søker om produksjonstilskot.