Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjons- og avløysartilskot innan 15. oktober

Du kan no søke om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Teljedato er 1. oktober. Søknadsfristen er 15. oktober.

Bonde fôrer med kraftfôr, kyr på rekke og rad. Åpen port i bakgrunnen, ser landskapet ute. (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Foto: Torbjørn Tandberg, copyright: Landbruksdirektoratet 

 

PT
Klikk på knappen over for å kome til søknaden. 


Både føretak med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søke i oktober. Søknaden leverer du elektronisk. Sjå rettleiing til korleis du loggar deg inn i Altinn.

Det er kommunen som behandlar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Hugs søknadsfristen
Søknadsfristen er 15. oktober. I 2019 vil det for siste gong vere mogleg å levere søknad i perioden 16. - 29. oktober 2019 utan å få trekk. Etter 29. oktober er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Alle føretak som har levert inn søknad del 2 kan endre opplysningane i søknaden til og med 29. oktober.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i oktober?

Du kan søke om

  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2019
  • tilskot for husdyr (unntatt ammegeit og sau)
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • tilskot til økologisk areal og husdyrproduksjon
  • tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland, samt matpotet dyrka i Nord-Noreg
  • tilskot for dyr på beite
  • tilskot for dyr på utmarksbeite

 Du kan og registrere dyr som gir grunnlag for

  • tilskot for avløysing ved ferie og fritid for 2019
  • tilskot for grovfôrareal


Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv

Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtala og i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker tilskot:

Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid gir deg informasjon om kva for vilkår du må oppfylle for å ha rett på tilskot, og rettleiing til korleis du skal fylle ut søknaden.

Landbruksdirektoratet sine nettsider om produksjonstilskot

Jordbruksavtala og forskrift om produksjonstilskot og avløsartilskot i jordbruket inneheld reglane som gjeld for tilskotsordningane.

Kommentarrundskrivet gir deg informasjon om korleis du skal forstå reglane i forskrifta.

 

Skal du søke om produksjonstilskot for første gong?
Då bør du kontakte landbrukskontoret i kommunen din i god tid før søknadsfristen. Du må mellom anna få føretaket ditt registrert i Landbruksregisteret. Landbruksregisteret viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Vi har og ei nettside med praktiske tips til deg som er nyoppstarta i landbruket.

Brukarskifte i mjølkeproduksjonen
Dersom du planlegg brukarskifte før teljedato 1. oktober, må du og ny brukar melde frå til meieriet i god tid før brukarskiftet skal skje. For å få produksjonstilskot for mjølkekyr er det eit krav at føretaket som søker, disponerer mjølkekvote på teljedato 1. oktober. Ver merksam på at mjølkekvota må vere knytt til organisasjonsnummeret til føretaket som søker om produksjonstilskot.

Har du spørsmål?

Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. På våre nettsider finn du også ein oversikt over ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

 

 

Foto på forsiden: Torbjørn Tandberg

Kontaktperson

Elektroniske tjenester

Mer om temaet

Frister