Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjons- og avløysartilskot innan 15. oktober

Du kan no søke om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Teljedato er 1. oktober. Søknadsfristen er 15. oktober.

Mange rundballer, innplastet,  på jorde (Copyright: Colourbox)

 

Søk PT omgang 2 2020

Klikk på knappen over for å kome til søknaden.

Både føretak med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søke i oktober. Søknaden leverer du elektronisk.
Sjå rettleiing til korleis du loggar deg inn i Altinn.

Meir informasjon om korleis du søker om produksjonstilskot finn du på nettida "Produksjonstilskudd - Hvordan søke".
Det er kommunen som handsamar alle søknadar og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot og avløysartilskot.


Søknadsfrist 15. oktober
Søknadsfristen er 15. oktober. Føretak kan endre opplysningane i søknaden i inntil 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, det vil seie til og med 29. oktober.

Søknad som ikkje er levert innan fristen kan likevel leverast inntil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie til og med 29. oktober, men utbetalinga blir då redusert med kr. 1 000 for kvar dag over fristen.

Etter 29. oktober er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i oktober?

Du kan søke om

  • tilskot til avløysing for 2020
  • tilskot for husdyr (unntatt ammegeit og sau)
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • tilskot til økologisk areal og husdyrproduksjon
  • tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland, samt matpotet dyrka i Nord-Noreg
  • tilskot for dyr på beite
  • tilskot for dyr på utmarksbeite

Du kan og registrere dyr som gir grunnlag for

  • tilskot for avløysing for 2020
  • tilskot for grovfôrareal

Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv
Søker du om produksjonstilskot og avløysartilskot, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtala og i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker tilskot:

Skal du søke om produksjons- og avløysartilskot for første gong?
Då bør du kontakte landbrukskontoret i kommunen din i god tid før søknadsfristen. Du må mellom anna få føretaket ditt registrert i Landbruksregisteret. Landbruksregisteret viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Vi har og ei nettside med praktiske tips til deg som er nyoppstarta i landbruket.

Brukarskifte i mjølkeproduksjonen
Dersom du planlegg brukarskifte før teljedato 1. oktober, må du og ny brukar melde frå til meieriet i god tid før brukarskiftet skal skje. For å få produksjonstilskot for mjølkekyr er det eit krav at føretaket som søker, disponerer mjølkekvote på teljedato 1. oktober. Ver merksam på at mjølkekvota må vere knytt til organisasjonsnummeret til føretaket som søker om produksjonstilskot.

Har du spørsmål?
Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. På våre nettsider finn du også ein oversikt over ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

Kontaktperson

  • Har du spørsmål om produksjonstilskudd, ta kontakt med kommunen din.

Mer om temaet

Regelverk

Frister