Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjonstilskot innan 15. mars

Du kan no søke om produksjonstilskot i jordbruket. Teljedato er 1. mars. Søknadsfristen er 15. mars.

Bonde og melkerobot (Copyright: Colourbox.com)

 

Søk om PT 2020

Klikk på knappen over for å kome til søknaden.

Det er føretak som driv med husdyrproduksjon som kan søke om tilskot i mars. I søknaden fører du opp talet dyr du disponerer per 1. mars (teljedato). Meir informasjon om korleis du søker om produksjonstilskot finn du på nettida "Produksjonstilskudd - Hvordan søke". Det er kommunen som handsamar alle søknadar og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot.

Om du berre driv med planteproduksjon, eller berre har bifolk, skal du ikkje søke før ved del 2 av søknaden (med frist 15. oktober).

Søknadsfrist er 15. mars
Søknadsfristen er 15. mars. Føretak kan endre opplysningane i søknaden i inntil 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, det vil seie til og med 29. mars.
Søknad som ikkje er levert innan fristen kan likevel leverast inntil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie til og med 29. mars, men utbetalinga blir då redusert med kr. 1 000 for kvar dag over fristen.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i mars?
Du kan søke om:

  • tilskot for husdyr (unntatt bifolk)
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk

Du må også registrere dyr som gir grunnlag for:

  • tilskot for avløysing ved ferie og fritid
  • tilskot for grovfôrareal


Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv
Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtala og i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker:


Har du spørsmål?
Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål.

Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

Kontaktperson

  • Har du spørsmål om produksjonstilskudd, ta kontakt med kommunen din.

Mer om temaet

Frister