Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjons- og avløysartilskot innan 15. oktober

Du kan no søke om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Både føretak som driv med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søke. Teljedato er 1. oktober. Søknadsfristen er 15. oktober 2017.

Produksjonstilskudd_Altinn-logo_nynorsk

Klikk på bilete over for å kome til søknaden. 

 

Du må søke elektronisk 

Søknaden må leverast elektronisk. For å søke elektronisk, må du ha tilgang til å logge deg inn via Altinn. Sjå rettleiing til korleis ein loggar seg inn i Altinn.

 

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i oktober?

Du kan søke om

• tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2017

• tilskot for husdyr (unntatt ammegeit og sau)

• tilskot til økologisk areal og husdyrproduksjon

• tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar

• distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland, samt matpotet dyrka i Nord-Noreg

• areal- og kulturlandskapstilskot

• tilskot for dyr på beite

• tilskot for dyr på utmarksbeite

• driftstilskot til mjølkeproduksjon

• driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon

 

Du kan registrere dyr som gir grunnlag for

• tilskot for avløysing ved ferie og fritid for 2017

• tilskot for grovfôrareal

 

Som hovudregel kan du ikkje levere søknad etter at søknadsfristen har gått ut

Søknadsfristen er 15. oktober. Du kan ikkje lenger levere søknad seint og få eit trekk. Ettersom dette er ein ny regel, så vil det vere mogleg å levere søknad fram til 29. oktober i 2017. Merk at dette berre vil vere mogleg i 2017. Etter 29. oktober er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Frå og med 2018 er det ikkje mogleg å levere inn søknad etter at søknadsfristen har gått ut. Du kan søke om dispensasjon frå søknadsfristen, men dispensasjon blir berre gjeve i særlege tilfelle.

 

Du kan endre opplysningane i ein innsend søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut

Dersom du har levert søknaden innan fristen, kan du endre opplysingane i søknaden i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, utan å få trekk. I 2017 er søknadsfristen 15. oktober, og du kan difor endre søknadsopplysingane fram til 29. oktober.

 

Finn informasjon om regelverk og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv

Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtalen og i "forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket". Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker:

- "Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid" gir deg informasjon om kva for vilkår du må oppfylle for å ha rett på tilskot, og rettleiing til korleis du skal fylle ut søknaden.

- Nettsida om det nye søknadssystemet for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid gir deg meir informasjon om korleis det nye systemet er.

- Jordbruksavtalen og "forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket" inneheld reglane som gjeld for tilskotsordningane.

- Rundskriv 2017-27 (kommentarrundskrivet) gir deg informasjon om korleis ein skal forstå føresegnene i forskrifta.

- Informasjonsskrivet gir kortfatta informasjon om søknaden du skal levere i oktober.

Det er kommunen som handsamar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

 

Frist for å etterregistrere enkelte opplysingar

Enkelte opplysingar kan etterregistrerast etter 15. oktober, men innan 10. januar:

• avløysarutgifter for perioden 16. oktober til 31. desember.

• dyr på beite som er sanka frå utmarksbeite seinare enn 15. oktober.

• livdyr av kylling og kalkun som er selde mellom 16. oktober og 31. desember.

• frukt, bær, veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland), samt poteter produsert i Nord-Norge, som er levert til godkjent omsetningsledd mellom 16. oktober og 31. desember

 

Har du spørsmål?

Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.