Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk produksjonstilskot i mars: Førebu deg nå!

Frå 1.mars kan du søke om produksjonstilskot i jordbruket. Her finn du informasjon om korleis du går fram.

Sauefjøs_Torbjorn_Tandberg (Copyright: LMD)

Foto: Torbjørn Tandberg


Rettleiar og anna informasjon for søknad om produksjonstilskot på Landbruksdirektoratet er oppdatert og klar for bruk.

Frå og med 1. mars kan du levere del 1 av søknaden om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Søknadsfristen er 15. mars. Søknadsfristen er absolutt - det er ikkje mogleg å levere søknad etter fristen.

Søknaden leverer du elektronisk via Altinn. Det er kommunen som behandlar alle søknader og som svarer på spørsmål om produksjonstilskot.

Kven kan søke?
Det er husdyrprodusentane som kan søke om tilskot i mars.

Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningar i rettleiingsheftet
Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid finn du informasjon for søknadsomgangen i mars 2018. Her kan du lese meir om tilskotsordningane og regelverket.

Rundskriv inneheld også relevant informasjon for deg som søkar
På nettsida vår finn du rundskriv med relevant informasjon om regelverket. Søker du om produksjons- og avløysartilskot, må du kjenne dei juridiske føresegnene i dei relevante forskriftene og i jordbruksavtalen. I rundskriv 2018-5 er reglane om produksjonstilskot og avløysartilskot beskrive nærmare og kommenterte av Landbruksdirektoratet. Rundskrivet kan vere til god hjelp for å setje deg betre inn i regelverket.

Ver tidleg ute med å søke
Vi anbefaler at du er tidleg ute med å søke. Dersom du treng rettleiing om korleis du skal søke, kan du lese meir om dette eller ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune i god tid før søknadsfristen.

Skal du søke om produksjonstilskot for første gong?
Då bør du kontakte landbrukskontoret i kommunen din i god tid før søknadsfristen. Du må mellom anna sikre at føretaket ditt er registrert i Landbruksregisteret. Landbruksregisteret viser koplinga mellom eit føretak og ein landbrukseigedom. Dersom du er nyoppstarta i landbruket har vi laga nokre praktiske tips.

Brukarskifte i mjølkeproduksjonen
Dersom du planlegg brukarskifte før teljedato 1. mars, må du og ny brukar melde frå til meieriet i god tid før brukarskiftet skal skje. For å få produksjonstilskot for mjølkekyr er det eit krav at føretaket som søker disponerer mjølkekvote på teljedato 1. mars. Ver merksam på at mjølkekvota må vere knytt til organisasjonsnummeret til føretaket som søker om produksjonstilskot.

 

 

Foto på forsiden: Torbjørn Tandberg

Mer om temaet

Frister