Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Etterregistrering for dei som søker produksjonstilskott og tilskott for ferie og fritid

10.januar er fristen for å etterregistrere nokre av opplysningane.

Halmballer, innplastet, på jorde i Trøndelag (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Copyright: Landbruksdirektoratet


Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid hadde i 2018 søknadsfrist 15. mars og 15. oktober.  Dersom du leverte søknad, er det enkelte opplysningar i søknaden som kan etterregistrerast. Fristen for etterregistrering er 10. januar 2019.

Dei opplysningane som kan etterregisterast i fram til og med 10. januar er:

  • Avløysarutgifter i 2018 som føretaket har hatt etter 15. oktober
  • Dyr som er sanka fra utmarksbeite etter 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun selde etter 15. oktober
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland selde etter 15. oktober
  • Poteter produsert i Nord-Norge selde etter 15. oktober

Du treng ikkje å etterregistrere avløyserutgifter dersom føretaket allereie ved utfylling av søknad del 2 (frist 15. oktober) hadde hatt og registrert avløyserutgifter som var minst like store som føretaket sitt potensielle tilskotsgrunnlag.

Dei etterregistrerte opplysningane skal leggjast til dei tala du allereie har fylt ut i søknaden.
Eksempel: Då  du leverte søknad i oktober oppgav du at du hadde 20 000 kroner i avløyserutgifter så langt i 2017. Du har i ettertid hatt 10 000 kroner meir i utgifter.Når du då etterregistrer dei siste avløysarutgiftene dine, oppdaterer du talet i søknaden til 30 000 kroner (20 000 kr + 10 000 kr).

Kor finn du søknaden?
Etterregistreringen av opplysningar skjer i samme søknadsskjema som du fylte ut tidlegare.
Du logger inn i den elektroniske søknaden frå denne sida.

Altinn_Ldir
Har du spørsmål?
Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

Meir informasjon om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid finn du her.

 

Foto på forsiden: Spangen gård

Mer om temaet