Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Frist for etterregistrering i søknad om produksjons- og avløysartilskot

Bønder som har søkt om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid tidlegare i år kan etterregistrere nokre av opplysningane i søknaden. Det må skje innan 10. januar 2018.

Gård med åker og rundballer (Copyright: Colourbox.com)

Desse opplysningane kan registrerast seinare, i perioden 15. oktober til og med 10. januar:

  • avløysarutgifter for perioden 16. oktober til 31. desember
  • dyr på beite som er sanka frå utmarksbeite seinare enn 15. oktober
  • livdyr av kylling og kalkun som er selde mellom 16. oktober og 31. desember
  • frukt, bær, veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland), samt poteter produsert i Nord-Norge, som er levert til godkjent omsetningsledd mellom 16. oktober og 31. desember

Du treng ikkje å etterregistrere avløyserutgifter dersom føretaket allereie ved utfylling av søknad del 2 (frist 15. oktober) hadde hatt og registrert avløyserutgifter som var minst like store som føretaket sitt potensielle tilskotsgrunnlag.

Dei etterregistrerte opplysningane skal leggjast til dei tala du allereie har fylt ut i søknaden.
Eksempel: Då du leverte søknad i oktober oppga du at du hadde 20 000 kroner i avløyserutgifter så langt i 2017. Du har i ettertid hatt 10 000 kroner meir i utgifter. Når du då etterregistrer dei siste avløysarutgiftene dine, oppdaterer du talet i søknaden til 30 000 kroner (20 000 kr + 10 000 kr).

Kor finn du søknaden?
Etterregistreringa av opplysningar skjer i same søknadsskjema som du fylte ut tidlegare. Søknaden må leverast inn elektronisk. Du logger inn i søknaden frå denne sida.

Produksjonstilskudd i Altinn


Har du spørsmål?
Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Vi har laga ei oversikt over ofte stilte spørsmål om produksjonstilskot og avløysartilskot.
Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.
 Meir informasjon om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid finn du her.

Merk elles at søknadsystema våre vil vere nede frå 31.desember kl.12.00 til 4.januar kl.8.00. Årsaka er arbeid med å tilpasse systema til fylkes- og kommunesamanslåingane.

Foto på forsiden: Kari Hustad

Mer om temaet