Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Oversikt over utbetalt produksjonstilskot

Her er oversikta over utbetalingane av produksjonstilskot over jordbruksavtala. Tala gjeld for søknadsomgangen i august 2016. Til saman vart 5,2 milliardar kroner utbetalt nå i februar.

griser-i-snoen2 (Copyright: Grøstad gris)

Foto: Grøstad gris

 

Sjå oversikta over utbetalingane

Produksjonstilskot er eit samleord for ei rekke tilskotsordningar som jordbruksføretak kan søke om. Produksjonstilskota utgjer ca. 7,5 mrd. kroner av dei 14,6 mrd. kronene i budsjettet for jordbruksavtala for 2017. I denne omgangen er det utbetalt ca. 5,2 mrd. kroner.

I juni 2017 vil det bli betalt ut produksjons- og avløysartilskot på grunnlag av søknader frå januar 2017.

Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk (forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket § 1). Tilskotet blir rekna ut med ein sats per dyr eller dekar areal.

 

Produksjonstilskot omfattar desse ordningane:

• Arealtilskot

• Kulturlandskapstilskot

• Tilskot til husdyr

• Tilskot til dyr på beite

• Tilskot til dyr på utmarksbeite

• Driftstilskot til mjølkeproduksjon

• Driftstilskot til spesialisert kjøttfeproduksjon

• Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar

• Arealtilskot til økologisk landbruk

• Tilskot til økologisk husdyrproduksjon

• Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker

• Distriktstilskot til potetproduksjon i Nord-Norge

Les meir om dei enkelte tilskotsordningane

 

Andre tilskotsordningar i jordbruksavtala er regionale miljøtilskot, pristilskot, utviklingstiltak og andre velferdsordningar. Desse ordningane er ikkje medrekna i denne oversikta. I tillegg er verkemiddel som tollvern, avgifter og skatt viktige element i rammevilkåra for landbruket.

 

Kven kan søke?

Det er føretak som kan søke om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

For å få tilskot må føretaket fylle desse vilkåra.

 

Behandling av søknader
Kommunen behandlar og avgjer søknader om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, mens Landbruksdirektoratet betalar ut og fører rekneskap over utbetalingane. Oversikt over utbetaling av produksjons- og avløysartilskot er gjort offentleg i tråd med offentleglova.

 

Meir om temaet

Om produksjonstilskot

Ofte stilte spørsmål om produksjonstilskot