Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjons- og avløysartilskot innan 29. oktober

I år kan du søke om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid fram til og med 29. oktober. Både føretak som driv med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søke.

Altinn PT

Klikk på bilete over for å kome til søknaden.

Søknadsfristen var 15. oktober, med teljedato 1. oktober. Det er tidligare bestemt at søknad ikkje lenger skal kunne leverast etter fristen og få eit trekk. Men ettersom dette er ein ny regel, er det mogleg å levere søknad fram til 29. oktober i 2017. Merk at dette berre vil vere mogleg i 2017. Etter 29. oktober er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Vi anbefaler at du leverer søknaden i god tid før 29. oktober, slik at du har tid til å kontakte kommunen dersom du har spørsmål.

Du må søke elektronisk 
Søknaden må leverast elektronisk. For å søke elektronisk, må du ha tilgang til å logge deg inn via Altinn. Sjå rettleiing til korleis ein loggar seg inn i Altinn.

 

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i oktober?
Du kan søke om

  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2017
  • tilskot for husdyr (unntatt ammegeit og sau)
  • tilskot til økologisk areal og husdyrproduksjon
  • tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland, samt matpotet dyrka i Nord-Noreg
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot for dyr på beite
  • tilskot for dyr på utmarksbeite
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon

Dersom du skal søke tilskot for grovfôrareal og tilskot for avløysning ved ferie og fritid, må du i tillegg registrere dyr som gir grunnlag for desse tilskota.

Finn informasjon om regelverk og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv
Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtalen og i "forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket". Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker:

Det er kommunen som handsamar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Frist for å etterregistrere enkelte opplysingar
Enkelte opplysingar kan etterregistrerast etter 15. oktober, men innan 10. januar:

  • avløysarutgifter for perioden 16. oktober til 31. desember.
  • dyr på beite som er sanka frå utmarksbeite seinare enn 15. oktober.
  • livdyr av kylling og kalkun som er selde mellom 16. oktober og 31. desember.
  • frukt, bær, veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland), samt poteter produsert i Nord-Norge, som er levert til godkjent omsetningsledd mellom 16. oktober og 31. desember

Har du spørsmål?

Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.