Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjonstilskot innan 15.mars

Du kan no søke om produksjonstilskot i jordbruket. Teljedato er 1. mars. Søknadsfristen er 15. mars.

Kalver spiser høy 674x279 (Copyright: Vera Gjersøe)

Foto: Vera Gjersøe

Altinn

Klikk på bilete over for å kome til søknaden. 

Det er føretak som driv med husdyrproduksjon som kan søke om tilskot i mars. Om du berre har bifolk, eller berre driv med planteproduksjon, skal du ikkje søkje før ved del 2 av søknaden (frist 15. oktober).

I søknaden fører du opp talet dyr du disponerer per 1. mars (teljedato). Det er kommunen som handsamar alle søknadar og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot.

Søknad må leverast innan fristen
Søknadsfristen 15. mars er absolutt. Du kan ikkje levere søknad etter fristen.

Føretak som leverer søknaden innan fristen kan endre opplysningane i søknaden i inntil 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, det vil seie innan 29. mars.

Du må søke elektronisk 
Søknaden må leverast elektronisk. For å søke elektronisk, må du ha tilgang til å logge deg inn via Altinn. Sjå rettleiing til korleis ein loggar seg inn i Altinn.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i mars?
Du kan søke om

  • tilskot for husdyr (unntatt bifolk)
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon

Du må også registrere dyr som gir grunnlag for

  • tilskot for avløysing ved ferie og fritid
  • tilskot for grovfôrareal


Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv

Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtala og i forskrift om produksjonstilskot og avløsertilskot i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker:

Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid gir deg informasjon om kva for vilkår du må oppfylle for å ha rett på tilskot, og rettleiing til korleis du skal fylle ut søknaden.

Landbruksdirektoratet sine nettsider om produksjonstilskot

Jordbruksavtala og forskrift om produksjonstilskot og avløsartilskot i jordbruket inneheld reglane som gjeld for tilskotsordningane.

Rundskriv 2018-5 (kommentarrundskrivet) gir deg informasjon om korleis du skal forstå reglane forskrifta.

Det er kommunen som behandlar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Har du spørsmål?
Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet  Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

 

Mer om temaet