Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk om produksjonstilskot innan 15.mars

No kan du søke om produksjonstilskot i jordbruket. Teljedato er 1. mars, og søknadsfristen er 15. mars.

Bonde i fjøset, melkekyr som fôres med grovfôr (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Foto: Mette Sattrup Copyright: Landbruksdirektoratet


Det er føretak som driv med husdyrproduksjon som kan søke om tilskot i mars. I søknaden fører du opp talet dyr du disponerer per 1. mars (teljedato).Les meir om korleis du søker om produksjonstilskot. Det er kommunen som handsamar alle søknadar og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot. Om du berre driv med planteproduksjon, eller berre driv med honningproduksjon, skal du ikkje søke før ved del 2 av søknaden (med frist 15. oktober).

PT 2019

 (Trykk på knappen over for å kome til søknaden)

Søknadsfrist er 15. mars, men endringar kan gjerast 14 dagar etter fristen
Søknadsfristen er 15. mars. Føretak kan endre opplysningane i søknaden i inntil 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, det vil seie innan 29. mars. Søknadsfristane i 2019 vil praktiserast meir fleksibelt. Det betyr at det vil vere mogleg å levere del 1 av søknaden i opptil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie fram til og med 29. mars.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i mars?
Du kan søke om:

  • tilskot for husdyr (unntatt bifolk)
  • tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk

Du må også registrere dyr som gir grunnlag for

  • tilskot for avløysing ved ferie og fritid
  • tilskot for grovfôrareal

Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv
Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtala og i forskrift om produksjonstilskot og avløsertilskot i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker:

Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid gir deg informasjon om kva for vilkår du må oppfylle for å ha rett på tilskot, og rettleiing til korleis du skal fylle ut søknaden.

Landbruksdirektoratet sine nettsider om produksjonstilskot

 

Foto på forsiden: Colourbox

Kontaktperson

  • Har du spørsmål om produksjonstilskudd, ta kontakt med kommunen din.

Elektroniske tjenester

Mer om temaet