Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Søk produksjons- og avløysartilskot innan 15.oktober

No kan du søke om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Teljedato er 1. oktober. Søknadsfristen er 15. oktober.

Mjølkekyr og sauer på utmarksbeite (Copyright: Animalia/Grethe Ringdal)

Foto: Grete Ringdal/Animalia

 

 PT
Klikk på knappen over for å kome til søknaden. 

Både føretak med husdyrproduksjon og føretak med planteproduksjon kan søke i oktober. Informasjon om korleis du søker finn du her.
Sjå rettleiing til korleis ein loggar seg inn i Altinn.

Det er kommunen som behandlar alle søknader og som svarer på spørsmål om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

Søknadsfristen er 15. oktober er absolutt.

Føretak som leverer søknaden innan fristen kan endre opplysningane i søknaden i inntil 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, det vil seie til og med 29. oktober.

Søknadsfristene i 2018 vil praktiseres mer fleksibelt. Det betyr at det vil være mulig å levere del 2 av søknaden i opptil 14 dager etter søknadsfristen, det vil si fram til og med 29. oktober.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i oktober?

Du kan søke om

  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2018
  • tilskot for husdyr (unntatt ammegeit og sau)
  • tilskot til økologisk areal og husdyrproduksjon
  • tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland, samt matpotet dyrka i Nord-Noreg
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot for dyr på beite
  • tilskot for dyr på utmarksbeite
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • tilskot til små og mellomstore mjølkebruk

 Du kan registrere dyr som gir grunnlag for

  • tilskot for avløysing ved ferie og fritid for 2018
  • tilskot for grovfôrareal


Finn informasjon om regelverket og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv

Søker du om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtala og i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søker:

Rettleiar for utfylling av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid gir deg informasjon om kva for vilkår du må oppfylle for å ha rett på tilskot, og rettleiing til korleis du skal fylle ut søknaden.

Landbruksdirektoratet sine nettsider om produksjonstilskot

Jordbruksavtala og forskrift om produksjonstilskot og avløsartilskot i jordbruket inneheld reglane som gjeld for tilskotsordningane.

Rundskriv 2018-30  (kommentarrundskrivet) gir deg informasjon om korleis du skal forstå reglane i forskrifta.

 

 

Mer om temaet