Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avløysing ved ferie og fritid

Arbeider i fjøs (Copyright: Colourbox.com)

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid (avløysartilskot) er ei refusjonsordning som skal leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av arbeidskraft som blir leigd inn. Ordninga skal bidra til «et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp» (jf. forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1).

  • Kva kan eg få i avløysartilskot?

    Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut i frå tal på dyr ditt føretak disponerer 1.5. og 1.10. i søknadsåret og har registrert under «Antall dyr» i søknad om produksjonstilskot.

    For sau og ammegeit er det tal på sauer født føregåande år eller tidlegare, og tal på ammegeiter som føretaket disponerer 1. mai, som blir lagt til grunn for tilskotsgrunnlaget. For enkelte dyreslag er det tal på slakta dyr registrert i Leveransedatabasen hjå Landbruksdirektoratet og tal på selde livdyr i løpet av året som blir lagt til grunn. Dette er

    • slakta grisar og grisar selde som livdyr med levande vekt på minst 50 kg
    • gjæser, kalkuner, ender
    • kyllingar og kalkuner selde som livdyr
    • slaktekyllingar

    Du må ha eit avløysartilskotsgrunnlag som kan utløyse ei utbetaling på minst 5 000 kroner, for å ha rett på avløysartilskot.

    Rekneark for å berekne kor mykje du kan få i avløysartilskot. I reknearket kan du leggje inn kor mange dyr du har hatt 1. mai og kor mange dyr du trur du vil ha 1. oktober, og berekne kor mykje du kan få i avløysartilskot.

  • Korleis søker eg?

    Det er først ved del 2 av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid med søknadsfrist 15. oktober at det kan søkast om avløysartilskot. Søknadsskjemaet er felles for produksjonstilskot og avløysartilskot ved ferie og fritid. Du søker elektronisk via Landbruksdirektoratet sine nettsider eller via www.altinn.no. Her finn du informasjonsmateriell for søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid.

    I søknaden skal det førast opp kor store utgifter til avløysing det blir søkt om tilskot for. Sjå fana over for informasjon om kor mykje du kan få i avløysartilskot. Utgiftene du søker om tilskot for må vere faktiske utgifter (påløpte og dokumenterte) til avløysing som føretaket ditt  har hatt i søknadsåret. Dersom føretaket på søknadsfristen har hatt lågare utgifter enn det som er berekna at føretaket maksimalt kan få i avløysartilskot, kan du etterregistrere eventuelle utgifter føretaket har mellom 16. oktober og 31. desember. Etterregistrering av utgifter til avløysing kan gjerast til og med 10. januar. Føretak som ved søknadsfristen 15. oktober ikkje har hatt utgifter til avløysing, men som reknar med å få utgifter før årsskifte, må krysse av for at det søker om å få utbetalt avløysartilskot og føre opp beløp lik 0. Du kan då oppdatere utgiftene innan 10. januar.

    Alle føretak, uavhengig av selskapsform, må kunne dokumentere utgifter til avløysing på førespurnad frå kommunen.

  • Kva for utgifter til avløysing kan du få tilskot for?

    Du kan få tilskot til avløysing for utgifter til arbeidsoppgåver som det ikkje er uvanleg at jordbrukarar sjølv utfører og som er knytt til husdyrhaldet. Det betyr at avløysing ikkje er avgrensa til tradisjonell «fjøsavløysing», men kan også omfatte saueklipping, klauvskjering, vedlikehald av driftsbygning i form av til dømes maling eller snikkararbeid, rundballepressing, jordarbeiing, spreiing av husdyrgjødsel, gjerdehald, beiterydding og frakt av dyr til og frå beite.

    Omgrepet avløysing omfattar berre sjølve tenesta. Utgifter til leige av maskiner eller til andre varer som eventuelt blir nytta når tenesta blir utført gjev ikkje grunnlag for tilskot. Det må komme tydelig frem av eventuelle fakturaer kva for beløp som er knytt til tenesta det blir søkt om avløysartilskot for.

    Det blir ikkje gjeve tilskot for utgifter til tenester som til dømes dyrlege, røyrleggar, elektrikar, rekneskapsføring, rådgjeving frå husdyrkontrollen, drektigheitskontroll, husdyrkontroll eller service på maskinpark. Oppramsinga av kva for tenester som kan og ikkje kan gje grunnlag for utbetaling av tilskot er ikkje uttømmande. Dersom du er i tvil om ei teneste kan gje grunnlag for tilskot eller ikkje, ta kontakt med kommunen din i god tid før søknadsfristen.

  • Må kunne dokumentere faktiske utgifter til avløysing

    Kontrollen av tilskot til avløysing ved ferie og fritid skal inngå i kommunen sin risikobaserte kontroll. Du må kunne syne fram dokumentasjon på faktiske utgifter på førespurnad frå kommunen, dvs. utgifter til tilsett avløysar, avløysarlag, avløysarring eller til anna føretak som tilbyr avløysartenester.

    Døme på dokumentasjon av avløysarutgifter er;

    -          a-meldinga

    -          bankbilag og faktura

    -          rekneskap som viser avløysarringens refunderbare utgifter og korleis desse er fordelt mellom medlemmane

    Tilskotet blir gjeve for utgifter til avløysing eksklusive moms. Moms skal altså ikkje vere ein del av dei utgiftene som som blir oppgjeve i søknaden.

    Dersom du kjøper avløysartenester frå andre føretak, og dette føretaket også tilbyr andre varer eller tenester, skal det vere spesifisert på fakturaen kva for utgifter som gjeld avløysartenestene. Det blir ikkje gjeve tilskot til leige av maskiner eller andre varer som blir nytta når ei teneste blir utført.

    Dersom du har hatt utgifter til tilsett avløysar, må denne avløysaren vere minst 15 år og ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere ektemake eller sambuar med ein som har inntekt frå føretaket. Tilskotsatsar og maksimalbeløp finn du i vår rettleiar og i jordbruksavtala.