Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avløysing ved sjukdom og fødsel o.l.

Tilskot til avløysing ved sjukdom og liknande skal bidra til å dekkje utgifter til avløysing når bonden ikkje kan delta i gardsdrifta på grunn av sjukdom eller graviditet, fødselspermisjon eller sjukt barn.

Attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn kan få
tilskot i etterkant av bondens dødsfall.

Det blir berre gitt tilskot for dokumenterte, faktiske utgifter til avløysing. Det er krav til bondens næringsinntekt frå jordbruk- eller gartneri. I tilskotet skal det gjerast frådrag for dei inntektene den avløyste hadde, eller kunne ha hatt, i søknadsperioden.

 

  • Kva er tilskot til avløysing ved sjukdom?

    Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l. skal bidra til å finansiere avløysing i føretak som driv husdyrproduksjon eller heilårs produksjon i veksthus, og finansiering av avløysing i onnetida for føretak som driv plante- eller honningproduksjon.

    Ein kan gje tilskot til avløysing når ein person som har næringsinntekt frå føretaket si jordbruk- eller gartneriverksemd, ikkje kan delta i arbeidet fordi vedkomande

    • er sjukemeld frå arbeid i føretaket
    • er gravid og får svangerskapspengar
    • får foreldrepengar eller eingongsstønad ved fødsel
    • har omsorgspermisjon i samband med fødsel eller omsorgsovertaking
    • følgjer barn til legeundersøking eller anna oppfølging i samband med sjukdom eller skade hos barnet
    • har omsorg for barn med kronisk sjukdom, langvarig sjukdom eller nedsett funksjonsevne og pga. dette har markert auka risiko for fråvær i arbeidet
    • har døydd

    Maksimal dagsats for tilskotet er 1555 kroner. Ved utrekning av tilskotet skal ein gjere frådrag for den avløyste sine inntekter i perioden i tråd med føresegnene om dette i Jordbruksavtalen.

     

  • Kven kan søkje?

    Føretak (ENK, ANS eller DA) kan søkje om tilskot dersom ein person med minimum ½ G i årleg næringsinntekt frå føretaket ikkje kan delta i arbeidet i føretaket som følgje av sjukdom o.l. Føretaket må:

    • vere registrert i Einingsregisteret
    • drive vanleg jordbruksproduksjon

     

    Nærståande etterlatne etter avdød jordbrukar (sambuar/ektefelle, barn eller foreldre) kan søkje om tilskot dersom:

    • avdøde hadde minimum ½ G i årleg næringsinntekt frå føretaket
    • føretaket er registrert i Einingsregisteret
    • føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon
  • Kva gjev rett til tilskot?

    Det kan bli gjeve tilskot til avløysing ved sjukdom og svangerskap, ved fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking, ved sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting hos barn, og ved dødsfall.

     

    • Sjukdom. Ein kan gje tilskot til avløysing når ein person som har næringsinntekt frå føretaket og som er yngre enn 70 år, er sjukemeld frå arbeidet i føretaket. Dersom det har blitt utbetalt tilskot for avløysing av personen i til saman 365 dagar i løpet av dei siste tre åra har ein ikkje lenger rett til tilskot. Når det har gått 26 samanhengande veker utan utbetaling av tilskot byrjar teljinga av tilskotsdagar på nytt.

     

    • Svangerskap/fødsel/omsorgsovertaking. Det kan bli gjeve tilskot til avløysing i periodar der den avløyste får svangerskapspengar, eingongsstønad ved fødsel eller foreldrepengar.

    I samband med fødsel kan det bli ytt tilskot til avløysing av far for inntil 14 dagar dersom han bur saman med mor til barnet, og det ikkje blir utbetalt tilskot for avløysing av mor for desse dagane. Avløysinga må ha funne stad i perioden 14 dagar før fødselen til 14 dagar etter at mor er komen heim frå sjukehuset. Eit slikt tilskot kan også bli utbetalt for avløysing av ein av foreldra ved adopsjon av born under 15 år som ikkje er stebarn og ved omsorgsovertaking av fosterbarn.

     

    • Sjukdom hos barn. Det kan bli gjeve tilskot til avløysing i samband med at ein følgjer barn til legeundersøking eller anna oppfølging av sjukdom eller skade hos barnet til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år.

    Dersom den avløyste har barn med kronisk sjukdom, langvarig sjukdom eller nedsett funksjonsevne og dette gjev ei markert auke i risikoen for at foreldra får fråvær frå arbeidet, kan det bli gjeve tilskot til avløysing på dette grunnlaget til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år.

    Tilskot til avløysing ved sjukdom/skade hos barn kan bli gjeve for inntil 20 dagar per år for kvar av foreldra og for inntil 40 dagar per år for einslege foreldre.

     

    • Dødsfall. Dette gjeld dersom ein som har næringsinntekt frå føretaket døyr. Då kan attlevande ektefelle/sambuar, barn eller foreldre søkje om tilskot. Det kan bli gjeve tilskot for avløysing i inntil åtte veker etter dødsfallet.

     

    Ein gjev berre tilskot til avløysing for ein person per føretak i ei og same periode. I særskilde tilfelle kan Fylkesmannen gi dispensasjon frå dette vilkåret.

  • Kva for utgifter gjev grunnlag for tilskotsutbetaling?

    Det er berre dokumenterte utgifter til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l. som gjev grunnlag for utbetaling av tilskot.

    Det er den typen arbeid det ikkje er uvanleg at jordbrukarar sjølve utfører som blir rekna som avløysingstenester. Døme på slikt arbeid er fjøsstell og fôring av dyr, saueklipping, klauvskjering, vedlikehald av driftsbygning i form av til dømes maling eller snikkararbeid, rundballepressing, jordarbeid, spreiing av husdyrgjødsel, beiterydding og frakt av dyr til og frå beite.

    Utgifter til leige av maskiner eller til anna materiell som blir nytta ved utføringa av arbeidet gjev ikkje grunnlag for utbetaling av tilskot.

    Utgifter til spesialiserte tenester som til dømes dyrlege, røyrleggjar, elektrikar, bilmekanikar, rekneskapsføring, rådgjeving frå husdyrkontrollen, drektigheits- eller husdyrkontroll gjev ikkje grunnlag for utbetaling av tilskot.

  • Andre vilkår

    Følgjande andre vilkår må vere oppfylte for at det kan bli gjeve tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l.:

    • Den avløyste må ha ei årleg næringsinntekt på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G) frå jordbruks- eller gartneriverksemd i føretaket.
    • Avløysaren må vere minst 15 år gamal.
    • Avløysaren kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere gift eller sambuar med ein som har næringsinntekt frå føretaket.
    • Produksjonen til føretaket (tal dyr, bifolk, dekar planteproduksjon og m2 oppvarma veksthusareal) den første dagen det vert søkt tilskot for, må vere stor nok til å kvalifisere for den lågaste av dei maksimale dagsatsane i tabell 9.3 i jordbruksavtalen.
    • Føretak som driv planteproduksjon på friland eller honningproduksjon, kan berre få tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l. i onnetida.
  • Korleis søkje tilskot?

    Du søkjer tilskotet på elektronisk søknadsskjema i Altinn.

    Når du fyller ut søknaden vil du få melding om kva for dokumentasjon du må leggje ved. I søknaden kan du få ei førebels berekning av tilskotet.

     

    Instruksjonsfilm med lyd
    Her er ein instruksjonsfilm som steg for steg viser korleis den elektroniske søknaden skal fylles ut:
    Lenke til hele filmen

    Her finn du dei enkelte stega i instruksjonsfilmen kvar for seg:
    Slik manøvrerer du deg rundt i søknad om tilskudd til sykdomsavløsning
    Grunnopplysninger
    Søknadsperiode og avløste
    Avløsningsårsaker
    Inntekter til fradrag
    Foretakets produksjon
    Utgifter til avløser
    Vedlegg
    Oppsummering og beregning

     

    Film for saksbehandlar i kommunen

     

  • Søknadsfrist

    Søknadsfristen er eit år etter siste dag i perioden du søkjer tilskot for.