Enklare å få dispensasjon frå kravet til næringsinntekt for sjukmeldte jordbrukarar som søkjer tilskot til avløysing
For å få tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv., må den avløyste ha hatt ei gjennomsnittleg årleg næringsinntekt på minst ½ G frå jordbruksføretaket. Landbruks- og matdepartementet har gitt nye retningslinjer for når det kan gis dispensasjon frå dette kravet.

Foto: Vera Gjersøe, Landbruksdirektoratet
Dei nye retningslinjene frå departementet gir Fylkesmannen større moglegheit til å bruke skjønn i vurderinga av om slik dispensasjon skal gis eller ikkje.
For at føretak skal kunne få tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv., må den avløyste ha hatt næringsinntekt frå føretakets jordbruks- eller gartneridrift. Gjennomsnittleg årleg næringsinntekt må vere på minst halve grunnbeløpet i folketrygda.
Nyetablering og omlegging
Næringsinntektsvilkåret kan vere problematisk å fylle for nyetablerte jordbrukarar. Jordbrukarar som har gjort store investeringar knytte til modernisering eller omlegging av drifta, kan òg få problem med å fylle dette kravet nokon år. Hausten 2015 blei retningslinjene for når det kunne gis dispensasjon frå vilkåret stramma inn. Fleire føretak fekk difor avslag på søknadane sine om dispensasjon frå kravet til næringsinntekt.
I brev til Landbruksdirektoratet av 16. januar 2017 drøfter departementet behovet for å kunne gi slik dispensasjon i samanheng med jordbrukarens sjukemelding. Resultatet er kort sagt at jordbruksføretak kan få dispensasjon dersom jordbruks- eller gartneridrifta blir rekna som næringsverksemd i skattemessig forstand og den avløyste har tilstrekkeleg nær tilknyting til drifta i føretaket. Ein sjukemeldt innehavar av eit enkelpersonføretak vil normalt kunne få dispensasjon.
Sjå brevet frå departementet om næringsinntektsvilkåret i sjukkdomsavløysingsforskriften