Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Landbruksvikar

Mann forer kyr (Copyright: Colourbox.com)

Landbruksvikarane skal avløyse bøndene ved sjukdom og i krisesituasjonar. Avløysarlaga/Landbrukstenestene har ansvar for at det er landbruksvikarar tilgjengeleg når det er behov for det.

Gul varseltrekant med svart utropstegn og rød ramme_lavoppløst Foto: Colourbox.com  Informasjon om denne ordninga knytta til koronasmitte:

  • Koronasmitte

    Avløysarlag/Landbrukstenester som får tilskot til landbruksvikarverksemd har plikt til å gi bønder tilbod om kvalifisert avløysing i inntil 14 dagar per sjukdoms- eller krisetilfelle. Denne plikta gjeld framleis, men det kan sjølvsagt oppstå utfordringar dersom landbruksvikaren skulle bli sjuk eller sett i karantene. Hvis det skulle bli vanskeleg å hjelpe alle som treng det, må avløysarlaga prioritere slik at dei som har størst behov får hjelp fyrst.

  • Om landbruksvikarordninga

    Ordninga omfattar landbruksvikarar over heile landet som skal gje avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar for husdyr- og grøntprodusentar. Landbruksvikarane er tilsett i avløysarlaga. Bøndene må kontakte avløysarlaga ved behov for landbruksvikarar. Frå 2019 er det ikkje noka regulering av kor mykje avløysarlaga kan ta betalt for landbruksvikaren.

    Avløysarlaga får tilskot frå staten til landbruksvikarverksemda. Tilskotet blir utbetalt i to omganger - ein halvdel i februar og ein i juni.

    Satsen per landbruksvikarårsverk er 283 900 kroner.

  • Korleis søkje tilskot til landbruksvikarverksemd?

    Avløysarlag/landbrukstenester som vil søkje tilskot må nytte søknad om tilskudd til landbruksvikarvirksomhet  i Altinn.

    Søknadsfristen er 1. februar. Den som fyller ut søknaden må velje avløysarlaget som aktør når vedkommande loggar seg inn i skjemaet på Altinn.

    Avløysarlag som mottek tilskot skal rapportere om landbruksvikarverksemda si til Fylkesmannen ved å fylle ut eigne felt for dette i søknadsskjemaet. Fristen for å rapportere er dermed 1. februar året etter.

     

     

     

  • Administrering av ordninga

    Landbruksdirektoratet administrerer tilskotsordninga og fordeler tilskotsmidlane mellom fylkene.

    Fylkesmannen fordeler årsverk landbruksvikarar mellom avløysarlaga innanfor sitt fylke. Ved fordeling av årsverk blir det lagt vekt på mellom anna husdyrtettleik, reiseavstandar og infrastruktur.

  • Fordeling av årsverk landbruksvikarar per fylke

     

    2020

    Sats pr årsverk 283 900

     

    Fylkesmannsembete

    Tal på årsverk, ca.

    Tilskotsmidlar, beløp kr

    Oslo og Viken

    17,6

    4 997 000

    Innlandet

    37,7

    10 703 000

    Vestfold og Telemark

    11

    3 129 000

    Agder

    10,2

    2 896 000

    Rogaland

    25

    7 098 000

    Vestland

    39

    11 072 000

    Møre og Romsdal

    17,7

    5 025 000

    Trøndelag

    42,2

    11 981 000

    Nordland

    25,2

    7 154 000

    Troms og Finnmark

    14,7

    4 173 000