Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar

Sjukepengeordninga skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV.

Sjølvstendig næringsdrivande får i utgangspunktet rekna ut sjukepengar frå 65 prosent av sjukepengegrunnlaget sitt. Sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar sørgjer for at denne gruppa får sjukepengane rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden.

For å få sjukepengar må jord- og skogbrukarar oppfylle dei vanlege vilkåra for rett til sjukepengar i folketrygdlova. Dette inneber mellom anna at jord- og skogbrukaren må vere arbeidsufør på grunn av funksjonsnedsetting som klart kjem av eigen sjukdom eller skade, at inntektsgrunnlaget for sjukepengar utgjer minst femti prosent av grunnbeløpet (44 185 kroner), og at jord- og skogbrukaren tapar pensjonsgjevande inntekt på grunn av at han er arbeidsufør. I tillegg er det krav om ei næringsinntekt frå jord- eller skogbruk på minst 8000 kroner som utgjer minimum 20 prosent av samla nettoinntekt. På NAV sine heimesider finn du reglane i folketrygdlova om sjukepengar for jord- og skogbrukarar skildra nærmare .

Kontakt