Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tidlegpensjon til jordbrukarar

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere rekruteringa.

  • Har du rett til tidlegpensjon?

    Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få tidlegpensjon. Men det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Ein føreset også at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

    Kort oversikt over absolutte vilkår for tidlegpensjon:

    For å få einbrukarpensjon blir det kravd at:

    • Brukar må ha fylt 62 år før utbetalinga kan starte
    • Landbrukseigedomen må vere overdregen til ny eigar eller forpaktingsavtale må vere sagt opp.
    • Brukar må ha drive jordbruk i minst 15 år.
    • Næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk må ha vore minst kr 90 000 i årsgjennomsnitt i referanseperioden.
    • Minst 25 prosent av næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk skal vere inntekt frå jordbruk/gartneri.
    • Minst 67 prosent av samla inntekt må vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk
      Eller:
      Brukar og ektefelle/sambuar si samla næringsinntekt frå føretaket må utgjere minst 50 prosent av brukar og ektefelle/sambuar sine samla inntekter.

     

    I tillegg ved tobrukarpensjon:

    • Ektefelle/sambuar må ha fylt 57 år før utbetalinga kan starte. Både brukar og ektefelle/sambuar må fylle alderskrava før det blir utbetalt tidlegpensjon.
    • Ektefelle/sambuar må ha budd og arbeidd på landbrukseigedomen dei siste fem åra.
    • Brukar og ektefelle/sambuar si samla næringsinntekt frå føretaket må utgjere minst 50 prosent av dei samla inntektene til brukar og ektefelle/sambuar.
    • Ektefelle/sambuar kan ikkje ha anna inntekt på meir enn kr 100 000 utanom føretaket i årsgjennomsnitt i referanseperioden.

     

    Du må søkje om anten einbrukar- eller tobrukarpensjon, og du kan ikkje endre dette i løpet av pensjonsperioden. Nedanfor finn du nærmare forklaring av vilkåra du må oppfylle for å få tidlegpensjon.

  • Krav til overdraging

    Kravet om at landbrukseigedomen må vere overdregen til ny eigar, tyder at det må liggje føre eit tinglyst skøyte for at ein skal kunne få tidlegpensjon. Det er tinglysingsdatoen som gjeld som overdragingsdato. Den nye eigaren kan ikkje vere ektefelle/sambuar til den som søkjer om tidlegpensjon.

    Ved forpakting skal det liggje føre ei skriftleg oppseiing av ein eventuell eksisterande forpaktingsavtale. Ny forpaktar kan ikkje vere ektefelle/sambuar til eigar/forpaktar som søkjer om tidlegpensjon.

    Det blir ikkje stilt krav til korleis landbrukseigedomen blir driven etter overdraginga. Det vil seie at landbrukseigedomen kan bli seld som tilleggsjord utan at eigaren mistar høvet til tidlegpensjon. Det er mogleg å gjennomføre delt overdraging, dvs. at seljar har forpakta eller leigd bort landbrukseigedomen før overdraginga. Næringsinntekt frå forpakting eller samdrift inngår i berekningsgrunnlaget for referanseinntekt.

     

    Dispensasjon frå kravet om overdraging:

    Du kan få dispensasjon frå kravet om overdraging ved to høve:

    • Når brukar og ektefelle/sambuar eig kvar sin landbrukseigedom og driv desse som sjølvstendige einingar, kan det bli ytt tidlegpensjon til den som overdreg landbrukseigedomen sin, utan krav om at den andre parten må overdra sin landbrukseigedom.
    • Når brukar eller ektefelle/sambuar er eigar eller medeigar i ein landbrukseigedom som ikkje er i drift og blir nytta som fritidseigedom, kan det bli ytt tidlegpensjon sjølv om eigedomen ikkje blir overdregen.

     

    Dispensasjon fra kravet om overdragelse:

    Det er to muligheter for dispensasjon fra kravet om overdragelse:

    • Når bruker og ektefelle/samboer eier hver sin landbrukseiendom og disse drives som selvstendige enheter, kan det ytes tidligpensjon til den som overdrar sin landbrukseiendom, uten krav om at den andre parten må overdra sin landbrukseiendom.
    • Når bruker eller ektefelle/samboer er eier eller medeier av en landbrukseiendom som ikke er i drift og benyttes som fritidseiendom, kan det ytes tidligpensjon selv om eiendommen ikke overdras.
  • Krav til varighet i næringa

    Den som løyser ut tidlegpensjon må ha eigd, forpakta og/eller hatt næringsinntekt frå jordbruksføretak i minst 15 år. Det må likevel ikkje vere 15 år i samanheng, og heller ikkje vere på den same landbrukseigedomen. Søkjar må på tidspunktet for overdraging/oppseiing vere eigar/forpaktar eller ektefelle/sambuar til eigar/forpaktar.

    Den som løyser ut tobrukarpensjon, må ha budd og arbeidd på landbrukseigedomen dei siste fem åra før overdraginga/oppseiinga.

  • Krav til referanseinntekt

    Referanseinntekt er gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk i ein referanseperiode på fem år. Referanseperioden er fem samanhengande år, der siste år er to år tilbake i tid i forhold til søknadsåret. Det vil seie at referanseperioden ved søknad i 2015 er åra 2009-2013. På søknadsskjemaet er det gjeve opp kva for postar i sjølvmeldinga du skal nytte.

    Referanseinntekta må vere minst kr 90 000 for å kunne få tidlegpensjon. I tillegg må næringsinntekt frå jordbruk/gartneri utgjere minimum 25 prosent av samla næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk i referanseperioden. Samla inntekt er summen av referanseinntekt og anna inntekt.

    • Ved einbrukarpensjon må minst 67 prosent av samla inntekt vere næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk (dvs. referanseinntekt). Dersom dette kravet ikkje er oppfylt, kan ein likevel løyse ut tidlegpensjon dersom dei samla referanseinntektene til brukar og ektefelle/sambuar utgjer minst 50 prosent av dei samla inntektene deira.
    • Ved tobrukarpensjon er det krav om at dei samla referanseinntektene til brukar og ektefelle/sambuar utgjer minst 50 prosent av dei samla inntektene deira. Ektefelle/sambuar kan i slike tilfelle ikkje ha tent meir enn kr 100 000 utanom føretaket.

     

    Den som får tidlegpensjon betalar trygdeavgift med låg sats, dvs. 3 prosent. Tidlegpensjonen blir ikkje rekna som pensjonsgjevande inntekt.

  • Dispensasjon frå inntektskrav

    Fylkesmannen kan gje dispensasjon frå inntektskrava på nokre område:

    • Inntekt frå anna næring som er drive på eller i tilknyting til føretaket, kan bli lagt til referanseinntekta. Med inntekt frå anna næring meiner vi her inntekt frå tilleggsnæringar som blir drivne saman med tradisjonelt landbruk, og ikkje som sjølvstendig verksemd.
    • Inntekt frå anna næring som naturleg fell inn under forskrift om midlar til bygdeutvikling (tildeling på fylkesnivå) kan inngå i samla næringsinntekt frå føretaket ved vurdering av om brukaren dekkjer krava til inntekt.
    • Heiltidsbrukarar som ikkje oppfyller kravet om at referanseinntekta må vere minst kr 90 000, men som oppfyller krava til samansetning av inntekta. Det må vere registrert næringsinntekt frå føretaket i alle fem åra i referanseperioden. Ein kan gje dispensasjon til brukarar som har hatt ei særs låg inntekt i løpet av referanseåra på grunn av ekstraordinære forhold, og dette har ført til at inntektskrava ikkje er oppfylte. Brukarar som på grunn av arbeidsavklaring eller at dei har vore heilt eller delvis uføre, ikkje har nådd referanseinntekt på kr 90 000 kan få dispensasjon. Einbrukarpensjon skal i slike tilfelle ikkje bli sett lågare enn kr 70 000 og tobrukarpensjon ikkje lågare enn kr 110 000. 
  • Pensjonens størrelse og avkortingsregler

    Storleiken på tidlegpensjonen blir fastsett i jordbruksoppgjeret. For 2015 og 2016 er tidlegpensjonen sett til inntil kr 100 000 pr. år for einbrukarpensjon og inntil kr 160 000 pr. år for tobrukarpensjon. Tobrukarpensjonen blir delt likt på dei to ektefellane/sambuarane.

     

    Den som får tidlegpensjon:

    • Kan ha uavgrensa lønsinntekt og inntekt frå anna næringsverksemd i tillegg til tidlegpensjonen.
    • Kan få fleksibel alderspensjon etter folketrygdlova frå 62 år.
    • Kan ikkje ha næringsinntekt frå jordbruksføretak, men kan ha lønsinntekter frå til dømes avløysing.
    • Kan ikkje få uførepensjon, arbeidsavklaringspengar eller attlevandepensjon frå folketrygda, eller avtalefesta pensjon.

     

    Avkortingsreglar

    Samla utbetaling av tidlegpensjon skal ikkje overstige referanseinntekta.  Det vil seie at dersom referanseinntekta har vore lågare enn kr 100 000/kr 160 000, blir tidlegpensjonen avkorta til referanseinntekta sitt nivå.

    Døme: Dersom ein tobrukarsøknad har ei referanseinntekt på kr 120 000, vil innvilga tidlegpensjon bli kr 120 000 pr. år, og bli utbetalt med kr 60 000 pr. år på kvar av ektefellane.

  • Kor lenge kan du få tidlegpensjon?

    Einbrukarpensjon kan bli utbetalt frå og med den månaden brukaren fyller 62 år, til og med den månaden brukaren fyller 67 år.

    Tobrukarpensjon kan bli gjeve dersom ektefelle/sambuar har fylt 57 år når brukaren søkjer om tidlegpensjon. Pensjonen kan bli utbetalt til kvar av partane til og med den månaden brukar fyller 67 år. Ektefelle/sambuar i ein tobrukarpensjon som er yngre enn brukaren, kan velje at totalsummen av tidlegpensjon for dei åra brukaren har rett til tidlegpensjon, blir fordelt på talet på år fram til ektefellen/sambuaren fyller 67 år.

    Døme med satsane i dag:

    Brukar er 62 år, og har rett til tidlegpensjon i 5 år. Totalsummen av tidlegpensjonen for dei 5 åra er 5 x kr 100 000 = kr 500 000. Ektefellen er 57 år, og har rett til tidlegpensjon fram til brukaren fyller 67 år, altså i 5 år. Denne totalsummen blir også kr 500 000, men ektefellen kan velje å få totalsummen utbetalt over 10 år, altså til ho fyller 67 år. Den årlege utbetalinga blir då mykje lågare, i dette tilfellet kr 50 000 pr. år.

    Dersom brukarparet ønskjer tobrukarpensjon, og brukaren er 62 år medan ektefellen/sambuaren ikkje har fylt 57 år, kan brukaren velje å vente med å søkje, slik at paret kan søkje om tobrukarpensjon når ektefellen/sambuaren også oppfyller kravet til alder for å gå inn i ordninga.

  • Endringar av føresetnadane i pensjonsperioden

    Du kan ikkje få tidlegpensjon for same tidsrom som du får uførepensjon, arbeidsavklaringspengar eller attlevandepensjon frå folketrygda, eller avtalefesta pensjon.

    Dersom du byrjar å ta imot ei av desse ytingane, må du kontakte kommunen eller Fylkesmannen med det same, slik at dei kan avslutte tidlegpensjonen. Dersom du har fått tidlegpensjon i éin eller fleire månadar der du også har fått éi av ytingane nemnt over, skal tidlegpensjonen du har fått denne eller desse månadane normalt betalast tilbake.

    Ved overgang til uførepensjon eller andre pensjonsordningar som du ikkje kan kombinere med tidlegpensjon, mistar du retten til einbrukarpensjon. Dersom éin av partane i ein tobrukarpensjon vel å gå ut av tidlegpensjonsordninga, vil ektefellen halde fram med å ha tobrukardelen sin til det opphavleg fastsette tidspunktet.

  • Korleis går du fram for å få tidlegpensjon?

    Søknad
    For å få tidligpensjon må det sendes søknad på skjema fastsatt av Landbruksdirektoratet. Skjemaet kan lastes ned fra www.landbruksdirektoratet.no .eller fås ved henvendelse til din kommunes landbruksforvaltning. Der kan de også svare på spørsmål om ordningen.

    Søknaden sendes til din kommunes landbruksforvaltning. Der blir det kontrollert at søknaden er korrekt utfylt og at den nødvendige dokumentasjonen er vedlagt. Søknaden blir så sendt videre til Fylkesmannens landbruksavdeling, som behandler og avgjør søknaden.

    Dokumentasjon
    Det må sendes med nødvendig dokumentasjon som viser at vilkårene for å motta tidligpensjon er oppfylt. Legg ved:

    • Bekreftet ligning for de fem inntektsårene som inngår i referanseperioden ( jfr. forskrift om tidligpensjon § 3, pkt. 4). 
    • Skattekort.
    • Kopi av tinglyst skjøte på at eiendommen er overdratt til ny eier, eller skriftlig oppsigelse av forpaktningsavtale.
    • Skjemaer

      • SLF-108  Søknad om tidligpensjon til jordbrukere

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
  • Det kan vere nyttig å sende inn søknad om førehandsvurdering...

    Dersom du vil vere sikker på at vilkåra for å kome med i ordninga er oppfylte før til dømes landbrukseigedomen blir overdregen til ny eigar, kan du sende søknad om førehandsvurdering på same skjema. Du vil då få eit tilsegnsbrev som stadfestar at tidlegpensjonen vil bli utbetalt når alle vilkår er oppfylte. Det vil bli sett ein tidsfrist på tilsegna, slik at søknaden fell bort dersom vilkåra ikkje blir oppfylte innan fristen. Ei tilsegn gjeld i seks månader.

    Når ein søknad om førehandsvurdering først er send inn, er mykje av arbeidet gjort. Du treng berre å sende inn ein kopi av tinglyst skøyte i etterkant til kommunen din.

  • Frå kva tidspunkt kan du få utbetalt tidlegpensjon?

    Berekningstidspunkt

    Tidlegpensjonen blir rekna ut frå om med den månaden krava i ordninga er oppfylte og søknaden med all naudsynt informasjon er komen kommunen i hende, jf. Forskrifta § 13 første ledd.

    Du kan til dømes levere inn søknaden med kopi av tinglyst skøyte, i tillegg til skattekort og stadfesta likning for referanseperioden den 20. oktober. Då blir tidlegpensjonen rekna å gjelde frå oktober månad.

    Om du sender inn søknaden utan å leggje ved den naudsynte informasjonen, blir tidlegpensjonen rekna ut først frå det tidspunktet all dokumentasjon er levert til kommunen – ikkje frå tidspunktet då søknaden vart teken imot.

     

    Utbetaling

    Utbetaling skjer kvart kvartal, det vil seie fire utbetalingar i året. Utbetalingane skjer i midten av februar, mai, august og november. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pensjonen.

     

  • Klage

    Forvaltingslova gjev deg rett til å klage på vedtak. Du sender klagen til landbruksforvaltinga i kommunen din. Fylkesmannen handsamar klangen, og Landbruksdirektoratet er klageinstans for vedtak frå Fylkesmannen. Klagefristen er tre veker frå då du fekk melding om vedtaket.

Siste nyheter