Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Beite


Formålet med tilskot til beite er å stimulere til auka beiting. Det generelle beitetilskotet skal bidra til pleie av kulturlandskapet, samt betre utnytting av utmarksressursane. Beitetilskot i dei regionale miljøprogramma skal ivareta særlege landskapsverdiar,  biologiske verdiar  og kulturminneverdiar. 

**Grunna overgang til nytt søknadssystem for produksjonstilskot er ikkje tala for dyr på beite i 2017 klare enda**


Utvikling i dyr på beite og tilskot

 

 

Diagrammet syner utviklinga i tilskot til dyr på beite og tal dyr på beite. Det totale tilskotet har auka frå om lag 250 mill. kroner, til over 750 mill. kroner.

Utviklinga i totalt tal dyr har vore førehaldsvis jamn over perioden men har auka noko det siste året.

Dyr på beite er delen av dei grovfôretande dyra som går på beite. Dyr på utmarksbeite er delen av dyr på beite som også blir slopne på utmarksbeite.

Beitedyr som er med i organisert beitebruk låg på om lag 54% i 2016. Talet varierer mellom dei ulike dyreslaga. Til dømes er ca 75% av alle sauer innafor organisert beitebruk.

 

  Utvikling i tal dyr på beite og tilskot - talgrunnlag


Produksjonstilskot - Dyr på beite 12/16 veker

 

 

Det har sidan 2006 vore ei auke i totalt tal dyr på beite med omlag 7%.

Med beite meinast her både utmarksbeite, innmarksbeite og beite på overflatedyrka eller fulldyrka jord. Dyra må ha tilfredstillande tilgang på beite, og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal skje ved beiting.

16-vekerskravet gjeld i AK-sonane 1-4, medan 12-vekerskravet gjeld i AK-sonane 5-8.

Kart over dei ulike sonane finn du her

Dyr på beite 12/16 veker – talgrunnlag

Tabell – Dyr på beite i 12/16 uker

   


Produksjonstilskot - Sau og lam på beite 12/16 veker

 

 

For sau skil ein mellom vaksne dyr over eitt år og lam.

I perioden frå 2006 har tal lam på beite auka med 113 000 dyr (+ 8%) medan vaksen sau har auka med om lag 56 000 dyr (+ 6%).

Tal sau og lam var på sitt lågaste i 2012 og har auka med 10%  fram til 2016.


Produksjonstilskot - Storfe på beite i 12/16 veker

 

 

For storfe skil ein mellom mjølkekyr/ammekyr og øvrige storfe. Mjølkeku er definert som ku som har kalva i løpet av dei siste 15/18 mnd og som er i mjølkeproduksjon med kvote. Ammeku er definert som ku som har kalva i løpet av dei siste 15/18 mnd men som ikkje er mjølkeku. Øvrige storfe er storfe som ikke er mjølkeku eller ammeku. For meir informasjon se temasider om produksjonstilskot.

Det har vore ei auke i tal øvrige storfe på innmarksbeite med 11% (33 000 dyr) sidan 2006 medan mjølkeku/ammeku på beite har auka med 4% (9 000 dyr) i perioda.

 

Storfe på beite 12/16 veker – talgrunnlag

 

 


Produksjonstilskot - Geit og hest på beite 12/16 veker 

 

 

Det blir også gjeve tilskot til hestar og geiter som går på beite.

Tal geiter på beite har ligge stabilt på om lag 65 000 dyr i 10-års perioden. Tal hestar på beite hadde ein auke frå 2006 til 2011 på 14 000 dyr, men har dei siste åra gått attende og ligg no på 29 000 dyr.

 

 

 

 Geit og hest på beite 12/16 veker - talgrunnlag


Produksjonstilskot - Andre dyr på beite 12/16 veker 

 

 

Det blir også gjeve beitetilskot til andre dyr på beite, så som hjort, lama og alpakka.

For at det skal gjevast tilskot til hjort må den haldast for kjøtproduksjon og den må gå i inngjerda hegn. 

Sidan 2006 er tal hjort dobla frå 4 000 i 2006 til omlag 8 000 i 2016.

 

 

   

Anna dyr på beite 12 til 16 veker - talgrunnlag


Produksjonstilskot - Geit og hest på utmarksbeite 

 

 

Dyr som beiter i utmarka kan få ekstra tilskot i tillegg til det generelle beitetilskotet. Kravet til opphaldstid på utmarksbeite har variert gjennom dei siste 20 åra. Dyretilskot til dyr på utmarksbeite blei innført i juli 1998.  Frå 1999 var kravet 8 veker i utmark men frå 2009 ble kravet redusert til 5 veker.

Tal geit på utmarksbeite er redusert med 28% dei siste 20 åra. 

 

Utmarksbeite –geit og hest – talgrunnlag

Tabell – Dyr på utmarksbeite fra 1995

 


Produksjonstilskot - Sau på utmarksbeite

 

 

Diagramet syner totalt tal sau som gjekk på utmarksbeite. Frå 1999 var kravet 8 veker i utmark men frå 2009 vart kravet redusert til 5 veker Frå 2003 skil ein i rapporteringe mellom sau > 1 år og lam.  

I overkant av 85% av alle sauer og lam går på utmarksbeite. Talet har auka dei siste fire år og var i 2016 på 2,1 mill sau som er på same nivå som i 2003.

 

Tal sau på utmarksbeite frå 1995 – talgrunnlag

Tabell – Dyr på utmarksbeite fra 1995

 


Produksjonstilskot - Storfe på utmarksbeite 

 

 

I statistikken for storfe på utmarksbeite skil ein mellom mjølkekyr/ammekyr og øvrige storfe.

Om lag 30% av alt storfe gjekk på utmarksbeite i 2016. Sjølv om totaltalet for storfe på utmarksbeite er redusert med omlag 115 000 dyr, har tal ammekyr og mjølkekyr på utmarksbeite auka med omlag 17% (16 000 dyr) i 20-års perioden.  Tal øvrige storfe på beite har variert noko meir men har hatt ei jamn auke sidan 2007.

 

Tal storfe på utmarksbeite frå 1995 – talgrunnlag

Tabell – Dyr på utmarksbeite fra 1995

 


Tal sau og lam på utmarksbeite og tap av desse

 

 

Dei to linene syner tal sau og lam som er slopne på utmarksbeite og estimert tall for innsanka dyr frå 1995. Ein kjenner til tapet for om lag 75% av sau og lam på utmarksbeite. Dette er dyr der eigarane er organiserte i beitelag. For desse dyra var tap på beite 4,8% i 2016. For dei resterande dyra, er det estimert ein tapsprosent som er 0,6 prosentpoeng høgare enn det som er kjend for dyra i beitelag1.

 

Sau og lam tapsprosent - talgrunnlag

Tabell - Sau og lam på utmarksbeite og tap av disse over år

Estimatet er henta frå Meld.st. 9 (2011–2012), Landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords


Organisert beitebruk (OBB) – Sau og lam - tapsprosent

 

 

Dersom foretak som slepper sau på beite organiserer seg i beitelag, kan dei søkje støtte til drifta. Dei skal då rapportere tal sleppte og sanka dyr.

På landsbasis har tapsprosenten for sau og lam lege mellom 5 og 7% dei siste 20 åra. Dei aller siste åra har den lege på om lag 5%. Ein må attende til 1995 for å sjå så låge registrerte tapstal.

I 2017 var det 747 beitelag som fekk tilskot til drift av beitelag.  

Organisert beitebruk (OBB) - tapsprosent sau og lam - talgrunnlag

Tabell - Sau og lam på utmarksbeite og tap av desse over år


Regionalt miljøtilskot - Beite av verdifulle areal

 

 

Gjennom dei regionale miljøtilskota blir det gjever tilskot til beite av utvalde verdifulle areal. Fylka prioritera kva areal som gjevast tilskot. For kystlynghei er det to ulike tilskot, for beiting og for skjøtsel. For skjøtsel av kystlynghei er det i tillegg til beiting eit krav om rydding, svving.

Det har i 2017 vore ein auke i skjøtselen og beiting av kystlynghei.

 

 

Regionalt miljøtilskot til beite - talgrunnlag