Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)
Skriv ut

Miljøstatistikk - utvikling i miljøtiltak i jordbruket

Her kan du finne tal og informasjon om tiltak som blir gjort i jordbruket for å betre miljøet eller minke negativ påverknad på miljøet.

I 2005 blei Nasjonalt miljøprogram oppretta, med føremål om å synleggjere og auke målrettinga av miljøarbeidet i jordbruket. I programmet ligg det fleire tilskotsordningar, som det er samla inn statistikk frå. Sjølv om det blei gjort miljøtiltak før nasjonalt miljøprogram, strekk dei fleste dataseriane som blir presenterte her seg tidlegast frå 2005. I 2013 blei det innført elektronisk søknad for dei fleste miljøtilskota, med teikning i digitale kart. Dette gir ein meir detaljert statistikk enn tidlegare, blant anna med gode arealtal. Fleire av dataseriane er difor frå 2013.