Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avrenning til vassdrag og kyst

Mål i nasjonalt miljøprogram
- Vassførekomstar i jordbruksdominerte områder skal ha god økologisk status innan 2021
- Redusere miljø- og helserisikoen ved bruk av plantevernmidlar

Noreg har forplikta seg til å betre tilstanden i vatn og vassdrag gjennom EUs Vanndirektiv. Avrenning av næringsstoff frå jordbruket kan gi dårleg tilstand i vatn og det blir derfor satt inn mykje ressursar for å hindre eller redusere dette. Under presenterast statistikk over tiltak som skal redusere næringsstoffsavrenninga frå jordbruket. Dataene er tatt frå tilskot til regionale miljøprogram (RMP) og spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).


Regionalt miljøtilskot - Areal uten jordarbeiding

 

 

 

Diagrammet syner utviklinga i kor mykje kornareal som ikkje blir pløgd om hausten. Dette gir redusert erosjon over vinteren. Andelen areal som ikkje blir pløgd på hausten har vore på 33 - 55 % av kornarealet over perioden.

I 2019 vart det ein oppgang i areala som ikkje vart pløgd. Dette er det høgaste nivå siden 2013. Det utgjorde 42 % av alt kornarealet.

Areala med utsett jordarbeiding er delt inn i erosjonsrisikoklasser 1-4, noko som angir kor stor risiko det er for at arealet blir erodert. Erosjonsklasse 4 har særs høg erosjonsrisiko.

 

 Areal med utsett jordarbeiding - talgrunnlag


 Regionalt miljøtilskot - Areal uten jordarbeiding per fylke i 2019

 

 

 

Diagrammet syner kor mykje areal som ikkje vart pløgd i 2019.

Utsett jordarbeiding er først og fremst eit tiltak på kornareal, og fylka med mest kornareal er òg dei med størst areal ingen jordarbeiding om hausten. 

 

  

 Areal med utsett jordarbeiding per fylke - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Fangvekstar

 

 

 

Diagrammet syner kor mykje areal kor det blei nytta fangvekstar i 2019 i dei ulike fylkene.

Det blei tildelt over 6 mill. kroner i tilskot til fangvekstar i 2019.

 

Avrenningstiltak som blir utmåla per dekar - talgrunnlag


 Regionalt miljøtilskot - Avrenningstiltak som blir utmåla per meter, korn

 

 

Diagrammet syner avrenningstiltak i åker som blir utmåla per meter, fordelt på fylker.

Totalt blei det innvilga om lag 21 mill. kroner til desse tiltaka i 2019.

 

Avrenningstiltak som blir utmåla per meter, korn - talgrunnlag


 Regionalt miljøtilskot - Avrenningstiltak som blir utmåla per meter, eng

 

 

Diagrammet syner avrenningstiltak i eng som blir utmåla per meter, fordelt på fylker. 

Totalt blei det innvilga om lag 2,4 mill. kroner til kantsone i eng i 2019.

 

Avrenningstiltak som blir utmåla per meter, eng - talgrunnlag


 Spesielle miljøtiltak i jordbruket - Restaurerte og utbetra hydrotekniske anlegg 

 

 

 

Diagrammet syner tal hydrotekniske anlegg som er restaurerte og utbetra sidan 1988. Det syner òg tilskot som er utbetalt for dette føremålet. 

 

 

 

 Hydrotekniske anlegg - talgrunnlag


Spesielle miljøtiltak i jordbruket - Tal etablerte fangdammar og våtmarker

 

 

 

Søylene syner tal fangdammar per år som har fått tilskot gjennom SMIL sidan 1994, medan linja syner antall fangdammar og våtmarker akkumulert over perioden.

Sidan 1994 har meir enn 1 000 fangdammar blitt etablerte med støtte frå ordninga. Ein fangdam er eit positivt tiltak for både vassmiljø, biologisk mangfald og kulturlandskap. I tillegg er det etablert mange dammar for biologisk mangfold i jordbrukslandskapet ("fugledammar").

Frå 2019 skiller rapporteringa på tilskot til etablering av fangdammar (16 stk) og vedlikehald av fangdammar (28 stk).

 

Fangdammer og våtmarker - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tilskot til tiltak mot avrenning i 2019

 

 

 

Diagrammet syner fordeling av midlane som gjekk til tiltak mot avrenning i 2019 i regionale miljøtilskot. Dette er tiltak som blir gjort årleg.

Totale tildelte midlar for tiltak mot avrenning i RMP i 2019 låg på 169 mill. kroner, ei auke på 6 mill. kroner fra året før. 

 

 

 RMP - Tilskot til tiltak mot avrenning - talgrunnlag


Spesielle miljøtiltak i jordbruket - Tilskot til tiltak mot avrenning i 2019

 

 

Diagrammet syner tilskot til tiltak mot avrenning gjennom SMIL for 2019.

* Andre inkluderar blant anna Miljøplantinger (0,15 mill.kr), Gjenåpning av bekkelukkingar (0,37 mill. kroner), Omlegging av erosjonsutsett areal (0,03 mill. kroner)

 

SMIL - Tilskot til tiltak mot avrenning - talgrunnlag