Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Biologisk mangfald

Mål i nasjonalt miljøprogram
-Eit mangfald av naturtypar med registrert biologisk mangfald skal bli restaurert og haldast ved like innan 2020.
-Status for trua artar i jordbruket skal betrast innan 2020
-Auka bruk og vern av landbruket sine genetiske ressursar


Ein stor del av miljøverkemidla i landbruket, spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), regionale miljøprogram (RMP) og Utvalde kulturlandskap i jordbruket, er retta mot å skjøtte og utvikle biologisk mangfald. Under presenterast statistikk over tiltak som skal ta vare på og utvikle biologisk mangfald i jordbruket. 


Spesielle miljøtilskot i jordbruket - tilskot til biologisk mangfald i 2019

 

 

 

Diagrammet syner tilskot til biologisk mangfald innanfor ordninga med spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) for 2019. Totalt vart det utbetalt om lag 9 mill. kroner i 2019.

Det vart gitt mest tilskot for biologisk verdifulle areal og kystlynghei.

Ny og betre rapportering frå 2019 gjer at det ikkje er mogleg å samanligne tall frå tidlegare år.

 

 

SMIL til biologisk mangfald - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tilskot til biologisk mangfald

 

 

 

Diagrammet syner utviklinga i tilskot til biologisk mangfald i RMP fordelt på ulike tiltak.

Samla tilskot til biologisk mangfald i 2019 var på 46,4 mill. kroner. Det er ei oppgang på 5 mill. kroner frå 2018.

Tiltaket "Soner for pollinerande innsekt" er nytt frå 2019.

 

 RMP til biologisk mangfald -  talgrunnlag 


Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Tilskot til biologisk mangfald

 

 

 

Diagrammet syner utviklinga i tilskot til biologisk mangfald fordelt på ulike tiltak innanfor ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

I 2019 vart det utbetalt totalt 3,7 mill. kroner innanfor ordninga til biologisk mangfald. Det er ei auke på 0,3 mill. kroner frå 2018.

 

 UKL til biologisk mangfald -  talgrunnlag 


 Regionalt miljøtilskot - skjøtsel av slåttemark og slåttemyr i 2019

 

 

 Diagrammet syner tal dekar av slåttemark og slåttemyr som det er løyvd tilskot til i 2019. Slåttemark og slåttemyr er utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Båe naturtypane er avhengige av skjøtsel for å oppretthalde det rike biologiske mangfaldet. Mange sjeldne plantar og insekt har sin levestad i slike område.

I 2019 fekk 4 nye fylke tilskot til slåttemark - Hedmark, Buskerud, Troms og Sogn og Fjordane.

Det vart til saman løyvd om lag 3,6 mill kroner til skjøtsel av 3400 dekar slåttemark. Skjøtsel av slåttemark auka med nesten 1000 dekar frå 2018.

Til saman blei det gitt om lag 200.000 kroner til skjøtsel av 173 dekar slåttemyr i 2019, som er en oppgang på 124 dekar frå 2018.

RMP - skjøtsel av slåttemark og slåttemyr i 2019 - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Skjøtsel av kystlynghei

 

 Diagrammet syner utviklinga i tilskot og i areal kystlynghei skjøtta med RMP-tilskot.

Kystlynghei er ein kulturbetinga naturtype som er avhengig av beiting, rydding og brenning for å ikkje gro att. Diagrammet syner at tilskotet til skjøtsel av kystlynghei har auka sida naturtypen fekk status som utvald i 2015.

Det vart skjøtta over 220.000 dekar kystlynghei i 2019. Det er ei auke på omlag 20.000 dekar. Det vart gitt 8,7 mill. kroner i tilskot for beiting og brenning av kystlynghei i 2019.

Over halvparten av arealet som fekk tilskot ligg i Rogaland.

3416 dekar av den beita kystlyngheia vart brend.

 

RMP til kystlynghei - talgrunnlag 


Regionalt miljøtilskot - tal styvingstrær som er skjøtta i 2019

 

 

 


Diagrammet syner tal styvingstre som er skjøtta i fylka. I 2019 vart det gitt støtte på 2,3 mill. kroner gjennom RMP som sikre at over 4 300 styvingstre vart skjøtta.

 

 

RMP - tal styvingstrær som vart skjøtta i 2019 - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - soner for pollinerande innsekt i 2019

 

 

 

Soner for pollinerande innsekt kom inn som eit tiltak i RMP frå 2019. Dette er tilskot for å så og skjøtte striper med pollinatorvennlege frøblandingar på jordbruksareal. Sonene må ha pollinatorvennlege blomar gjennom vekstsesongen og skal ikkje vere gjødsla eller sprøyta med plantevernmidlar. 

 

Totalt blei det innvilga 3,8 mill. kroner i tilskot for 242.000 meter med pollinerande soner i 2019.

 

 

RMP - soner for pollinerende innsekt i 2019 - talgrunnlag