Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Drenering

Tilskot til drenering vart gjeninnført i 2013. Føremålet er å auka kvaliteten på tidlegare drenert jordbruksjord, leggja til rette for auka produksjon og redusera erosjon og overflateavrennning. Klimaendringar medfører meir nedbør og periodar med høgare nedbørsintensitet, og stiller difor større krav til god drenering. NIBIOS jordsmonnstatistikk viser at ca 47 % av jorda i Noreg har sjølvdrenerande jordsmonn, og meir enn halvparten har behov for grøfting/drenering. I 2010 anslo SSB at i overkant av 800 000 daa jordbruksjord hadde behov for å fornya dreneringa.

Det kan gjevast tilskot med inntil 2000 kroner per daa for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Ved annan grøfting kan det gjevast tilskot med inntil 30 kroner per meter grøft. Det er viktig at det vert teke omsyn til eventuelle kulturminne. Det er kommunen som kan innvilga tilskot, i samsvar med forskrift om tilskot til drenering.

Systematisk grøfting - Drenering med ein bestemt intensitet (avstand mellom grøftene) som dekk eit given areal, tilstrekkeleg for å sikre ein tilfredsstillende dreneringstilstand på arealet.

Profilering - Overflateforming der eit system av åpne grøfter med møneformete teiger mellom sikrer overflateavrenning av arealet.

Omgraving - Omsnuing av jordprofilet på myrarealer, slik at torvjord legges under og et lag av undergrunnsjord legges på toppen. Omgraving skal drenere arealet og bedre bæreevne.

Avskjæringsgrøfting - Grøftingen skal bidra til å hindre vannsig fra overforliggende arealer inn på jordbruksarealet.

Annen grøfting (usystematisk) - Usystematisk og tilfeldig grøfting /drenering for å tørrlegge mindre partier på jordet.


  Tilskot til drenering - Talet på søknader frå 2013

 

 

Diagrammet viser talet på søknader om tilskot til drenering kvart år i perioden 2013-2017, fordelt på dei ulike dreneringstiltaka.

Det var stor interesse for å søkja om tilskot i 2013, og det påfølgjande år.  Då var tilskotet 1000 kroner per daa.  Areala som var lettast å drenera, og med lågast kostnader, vart fyrst søkt på. Deretter sokk interessa, truleg fordi tilskotet utgjorde ein liten del av kostnadene.

I 2017 vart det vedteke å auka tilskotet til 2000 kroner per daa, gjeldande fra 1.7.2017.  Dette medførde rask respons og høgare søknadstal i 2017.

 Tilskot til drenering - Talet på søknader i frå 2013 - talgrunnlag


Tilskot til drenering - Innvilga beløp per tiltak - heile landet

 

 

Diagrammet viser innvilga tilskot til drenering per år for perioden 2013-2017, fordelt på dei ulike dreneringstiltaka.

Systematisk grøfting er mest brukt.  Profilering og omgraving vert brukt ein del på vestlandet og i dei nordlegaste fylka. Avskjæringsgrøfter og andre enkeltgrøfter (usystematisk) vert brukt ved behov i alle landsdelar.

For perioden 2013-2017 er det innvilga ca 300 mill kroner totalt i tilskot til drenering, som anslagsvis tilsvarar drenering av ca 250 000 daa.

 

Tilskot til drenering - Innvilga beløp per tiltak - heile landet - talgrunnlag


Tilskot til drenering - Sum innvilga beløp per fylke - frå 2013

 

 

Diagrammet viser innvilga tilskot i sum for perioden 2013-2016 fordelt på dei ulike dreneringstiltaka, og gjev eit uttrykk for omfanget av drenering i de enkelte fylka.

Ordninga er gjort gjeldande for heile landet, og det vert gjeve tilskot til drenering i alle fylke. Det vert satt av mest midlar til drenering på jord for matproduksjon, og vekstene korn, potet og grønnsaker vert prioritert høgast.

Det vert drenert mykje i kornfylka rundt Oslofjorden og i Trøndelag, men òg i fylke som Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland. Figuren viser at i dei fire fyrste åra er det i Hedmark det er drenert størst areal.

Tilskot til drenering - Sum innvilga beløp per fylke - frå 2013 - talgrunnlag


Tilskot til drenering - Areal utførde tiltak per år - heile landet

 

 

Figuren viser drenert areal per år i perioden 2013-2016, iht innvilga søknader. Dette gjeld åra før tilskotssatsen auka i 2017.

Som figuren viser er det i hovudsak gjeve tilskot til systematisk drenering, men òg noko til profilering og omgraving.

Nedgangen etter 2014 skuldast truleg at "dei lågast hengande fruktene vart hausta fyrst". Tilskotet vart auka i 2017 og  dette resulterte i innvilging av tilskot til større areal i 2017. 

 

Tilskot til drenering - Areal utførde tiltak per år - heile landet - talgrunnlag


Tilskot til drenering - Lengde utførde tiltak per år - heile landet

 

 

Figuren viser lengde utførde dreneringstiltak per år der tilskotet vert utrekna per meter grøft, for perioden 2013-2016.

På mange jorde er det ikkje nødvendig med systematisk grøfting, men grøftene vert lagde etter behov der det er våte område på jordet som må drenerast.  I tillegg er det ofte aktuelt med avskjæringsgrøfter for å redusera vasstilførselen fra tilgrensande areal.

Det vert då gjeve tilskot per meter grøft. Det vart årleg gjeve tilskot til mellom 500 000 og 750 000 meter grøft i perioden 2013-2016. (Dette kan anslagsvis tilsvara ca 15-25 000 daa i drenert areal, eller noko meir). 

Tilskot til drenering - Lengde utførde tiltak per år - heile landet - talgrunnlag


Tilskot til drenering - Areal tiltak per fylke frå 2013

 

 

Figuren viser fylkesvise tal for ulike dreneringsmåtar, der tilskotet vert gjeve per daa, i perioden 2013-2016. 

Systematisk drenering er vanlegast i alle fylke, men òg dei andre metodane vert noko brukte i dei fleste fylka.

Omgraving av myr er mest vanlig i Møre og Romsdal, medan profilering er mykje brukt i Nordland.

Jordsmonn, klima og produksjon mm har betydning for kva for nokre metodar som er mest aktuelle.

 

Tilskot til drenering - Areal tiltak per fylke frå 2013 - talgrunnlag


Tilskot til drenering - Lengde tiltak per fylke frå 2013

 

 

Figuren viser fylkesvise tal for avskjæringsgrøfter og andre grøfter der tilskot vert utmålt per meter grøft.

Avskjæringsgrøfter er drenering for å hindra inntrenging av vatn inn på jordet, og annan grøfting drenerer våte flekkar/område inne på jordet.

Det er fylkesvise skilnader i behova for enkeltgrøfter, og korleis ordninga vert handtert. Både Oppland og Nordland er eksempel på fylke som har særleg stor nytte av å kunna tildela tilskot til enkeltgrøfter. 

 

Tilskot til drenering - Lengde tiltak per fylke frå 2013 - talgrunnlag