Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kulturlandskap

Mål i nasjonalt miljøprogram:
- Ta vare på og utvikle jordbruket sitt kulturlandskap
- Ta vare på variasjon i jordbruket sitt prioriterte kulturlandskap
- Tilgjenge for allmenta til jordbruket sitt kulturlandskap skal betrast


Landbruket har fleire verkemiddel som skal bidra til å nå måla om eit ope og variert kulturlandskap. Under finn du tilgjengeleg statistikk for tilstand og utvikling i kulturlandskapet basert på tal frå dei økonomiske verkemidla produksjonstilskot, regionalt miljøtilskot (RMP) og spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).


Regionalt miljøtilskot til kulturlandskapstiltak

 

 

 

Diagrammet syner tilskot til regionale miljøtiltak som skal bidra til å taka vare på og utvikle kulturlandskapet. Ein skal og ta vare på variasjonen av  dei ulike kulturlandskapa.

Totalt blei det i 2018 gitt tilskot på 154,5 mill kroner til kulturlandskapstiltak.

 

 

 RMP-midlar til kulturlandskapstiltak – talgrunnlag 


Spesielle miljøtiltak i jordbruket til kulturlandskapstiltak

 

 

 

Diagrammet syner tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Tilskotet er eit investeringstilskot.

Tiltak i gamal kulturmark kan blant anna vere etablering, restaurering, utbetring og skjøtsel av område og landskapselement som bidrar til å utvikle og ivareta leveområde og spreiingsvegar for planter og dyr.

Tilgjenge og friluftsliv er tiltak som legg til rette for tilkomst og opplevingar i kulturlandskapet. 

 

SMIL-midlar til kulturlandskapstiltak  – talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Areal med skjøtsel av bratt areal i 2018

 

 

 

Bratt jordbruksareal er krevjande å skjøtte, men er viktig for eit ope kulturlanskap.

Diagrammet syner tal dekar med bratt areal som det blei gitt tilskot til i 2018 i dei ulike fylka. Dette gjeld areal med 1:5 og 1:3 helling.

Totalt blei det i 2018 gitt tilskot til 362 000 dekar bratt jordbruksareal.

 

 Skjøtsel av bratt areal - tallgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tilskot til skjøtsel av bratt areal i 2018

 

 

 

Bratt jordbruksareal er krevjande å skjøtte, men er viktig for eit ope kulturlanskap.

Diagrammet syner tilskot til bratt areal i 2018.

Totalt blei det i 2018 gitt tilskot på 63,1 mill kroner til skjøtsel av bratt jordbruksareal.

 

  

Skjøtsel av bratt areal - tallgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap i 2018

 

 

 

Diagrammet syner areal i prioriterte jordbrukslandskap som blei hausta med slått i 2018. Tiltaket ligg under regionalt miljøtilskot.

Det blei skjøtta mest areal i Buskerud og Møre Romsdal for dette tiltaket.

 

 

 Slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - TIlskot til slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap i 2018

 

 

 

Diagrammet syner tilskot gjeve til slått i prioriterte jordbrukslandskap i 2018. Tiltaket ligg under regionalt miljøtilskot. Fylka kan prioritere både tiltak og satsar.

Buskerud gjev tilskot til mykje areal, men med lav sats per areal, medan Hordaland gjev tilskot til mindre areal med høg arealsats.

 

 

Slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Skjøtsel av særeigne landskapselement

 

 

 

Særeigne landskapselement er tildømes åkerholmar, store tre og gardsdammar. Element i kulturlanskapet som er viktig for mange arter og skapar eit variert kulturlandskap.

Diagrammet syner tal åkerholmar, store tre og gardsdammar som er skjøtta i perioda 2013-2018.

 

 

Skjøtsel av særeigne landskapselement - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tilskot til skjøtsel av særeigne landskapselement

 

 

 

Særeigne landskapselement er tildømes åkerholmar, store tre og gardsdammar. Element i kulturlanskapet som er viktig for mange arter og skapar eit variert kulturlandskap.

Diagrammet syner tilskot som er gitt til skjøtsel av åkerholmar, store tre og gardsdamma i perioda 2013-2018

 

 

Skjøtsel av særeigne landskapselement - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Ferdsleårer i jordbrukslandskapet i 2018

 

 

 

Føremålet med tiltaka, er å gi allmenta tilgong til, samt mogelegheit for opplevingar i jordbrukets kulturlandskap.Diagrammet syner meter skjøtta ferdselsårer i 2018.

Satsen variera i dei ulike fylka frå 5 kr/m til 12 kr/m vedlikehalde ferdelsåre.

 

 

Ferdsleårer i jordbrukslandskapet - talgrunnlag