Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kulturminne og kulturmiljø

Mål i nasjonalt miljøprogram
-Status for kulturminne og kulturmiljø i jordbruket skal betrast innan 2020


Landbruket har ansvar for å ta vare på og skjøtte eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø knytte til jord og skog. Ivaretaking av kulturminne i jordbruket er miljøtema i både SMIL, RMP og innafor fellessatsingar mellom landbruk- og miljøforvaltninga som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 


Tilskot til kulturminner og kulturmiljø for RMP, SMIL og UKL

 

 

 

Diagrammet syner utvikling og fordeling av løyvd tilskot frå ordningane Regionalt miljøprogram (RMP), Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og Utvalde kulturlandskap i jordbruket knytt til tema kulturminne og kulturmiljø.

I 2019 blei det løyvd om lag 110 mill. kroner i tilskot for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø i frå ordningane RMP (61,7 mill. kroner), SMIL (38,5 mill. kroner) og Utvalde kulturlandskap i jordbruket (10,6 mill. kroner).

 

 

RMP, SMIL, UKL til kulturminne - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tilskot til kulturminne og kulturmiljø

 

 

Diagrammet syner utvikling og fordeling av løyvd tilskot innanfor føremålet kulturminne og kulturmiljø frå ordninga Regionalt miljøprogram (RMP). I 2019 blei det løyvd i alt vel 61,7 mill. kroner i regionale miljøtilskot (RMP).

Største delen av midlane innanfor dette føremålet går til stølsdrift (46,2 mill. kroner). Det blei i 2019 løyvd 5,8 mill. kroner til tiltak for å ivareta automatisk freda kulturminner (eks gravminne, gravfelt, bergkunst) og 9,7 mill. kroner til tiltak for å ivareta nyare tids kulturminne (eks rydningsrøyser, bakkemurar, trerekker, steingarder/skigarder og andre viktige kulturhistoriske områder). 

RMP til kulturminne - talgrunnlag


Spesielle miljøtiltak i jordbruket - Tilskot til kulturminne og kulturmiljø

 

 

Diagrammet syner utvikling og fordeling av løyvd tilskot til å ta vare på kulturminne og kulturmiljø frå ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).

I 2019 blei det løyvd i alt vel 38,5 mill. kroner gjennom denne ordninga som blir forvalta av kommunane.

Største delen av midla innanfor dette føremålet går til å setje i stand og vedlikehalde verneverdige bygningar (29,2 mill. kroner).  Det ble løyvd 9,3 mill. kroner til skjøtsel, vedlikehald og istandsetting av andre type kulturminne ( både automatisk freda kulturminner og kulturminne frå nyare tid eks . hustufter, gravhaugar og- røyser, bergkunst, offerstadar, gamle vegfar, veiter og vatningsanlegg , tre- og steingarder).

 SMIL til kulturminne og kulturmiljø - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tilskot til støling

 

 

Ei viktig satsing innanfor Regionalt miljøprogram (RMP) har vore å gi driftstilskot til stølar for å bidra til at den tradisjonelle stølsdrifta blir oppretthalden.

Diagrammet syner utviklinga og fordeling av regionale miljøtilskot til stølsdrift. I 2019 ble det løyvd 46,2 mill. kroner til drift av enkeltstøler og fellesstøler.

Største delen av midla går til tilskot til drift av enkeltstølar (40 mill. kroner).

 

RMP til støling - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Tal enkeltstølar i 2019

 

 

 

Diagrammet syner tal på enkeltstølar som har blitt løyvd regionalt miljøtilskot (RMP) til drift i 2019 fordelt på fylke.

I 2019 var det totalt 713 enkeltstølar som blei løyvd driftstilskot frå RMP. 

Det er i fylka Oppland, Hedmark, Buskerud og Trøndelag det finnes flest enkeltstøler i drift som er løyvd driftstilskot frå regionalt miljøtilskot (RMP).

  

 RMP til enkeltstølar - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne i 2019

 

 

 

Diagrammet syner tal på enkeltståande automatisk freda kulturminne som har blitt løyvd regionalt miljøtilskot (RMP) til skjøtsel i 2019 fordelt på fylke.

Diagrammet syner og tilskot som vart gjevne til dette. I 2019 blei det løyvd tilsaman 2,3 mill. kroner frå RMP til skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne (gravminne o.l.)

Totalt 3530 stk. enkeltståande automatisk freda kulturminne blei skjøtta i 2019. 

 

 RMP til freda kulturminne - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Skjøtsel av automatisk freda kulturminne i 2019

 

 

 

Diagrammet syner areal på automatisk freda kulturminne som blei skjøtta i 2019, fordelt på fylke.

Diagrammet syner og tilskot som vart gjevne til dette. I 2019 blei det løyvd tilsaman 3,5 mill. kroner frå RMP til skjøtsel av 9573 dekar med automatisk freda kulturminne.

 

 

 RMP til freda kulturminne - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Skjøtsel av kulturminne frå nyare tid

 

 

Diagrammet syner utviklinga og fordeling av regionalt miljøtilskot til skjøtsel av kulturminne frå nyare tid.

I 2019 blei det løyvd tilsaman 9,7 mill. kroner frå RMP til skjøtsel av kulturminne frå nyare tid.

Størstedelen av tilskotet (7,7 mill. kroner) blei løyvd til skjøtsel av viktige kulturhistoriske område. Til skjøtsel av bakkemurar, trerekker, alléar og steingarder/skigarder blei det løyvd om lag 1,9 mill. kroner. 

 

RMP skjøtsel av kulturminne - talgrunnlag