Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Utslepp til luft

Mål i nasjonalt miljøprogram
- Jordbruket skal auke opptak av karbon i jord
- Jordbruket skal redusere utslepp av lystgass (N2O) og metan (CH4).
- Utnyttinga av næringsstoff i husdyrgjødsla skal betrast, med reduserte utslepp av ammoniakk tilsvarande 8 prosent innan 2020.

 


SSB - Utslepp av klimagasser og ammoniakk

 

 

 

Diagrammet syner utviklinga i utslepp av lystgass, metan og ammoniakk frå norsk jordbruk i perioden 1990 til 2017.

Tala viser forureining til luft frå jorbruket. Året 1990 er sett som referanseår med vedi 100, dei andre tala viser relativ utvekling i høve til 1990.

 

 

 SSB - Utslepp av klimagasser og amoniakk - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Milljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, mill. kroner

 

 

 

Diagrammet syner utviklinga i tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødse.

I 2018 blei det gjeve tilskot for 64 mill. kroner til dette føremålet. Auken frå året før heng saman med at det blei prioritert auka midlar til ordninga ved jordbruksppgjeret.

 

 

 RMP til Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel - talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, areal

 

 

Diagrammet syner storleiken på areala der det er løyd  tilskot til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel. Desse metodane gir mindre ammoniakkutslepp, mindre avrenning av næringsstoff og betre utnytting av næringsstoffa i gjødsla.

Største delen av arealet gjeld miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen, medan arealet med nedlegging og nedfelling har auka mest. Nedlegging og nedfelling er dei mest effektive metodane til å redusere utsleppa ved spreiing av husdyrgjødsel.

 

 RMP til areal med Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel - talgrunnlag 


Regionalt miljøtilskot - Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, areal per fylke i 2018

 

 

Diagrammet syner storleiken på areala der det er gjeve tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.

Størst arealet med spreeing om våren og vekstsesongen var i Møre og Romsdal med omlag 157 000 dekar.

Rogaland hadde størst areal med nedlegging og nedfelling av gjødsla med i overkant av 90 000 dekar.

I Hedmark blei omlag 73 000 dekar spreidd med rask nedmolding.

 

RMP til miljøvenleg spreiing av husdrygjødsel per fylke -. talgrunnlag


Regionalt miljøtilskot - Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, kroner per fylke i 2018

 

 

 

Diagrammet syner storleiken på tilskot som er gjevne til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel i 2018 per fylke.

Hedmark var det fylket som bruka mest midlar på mijløvenleg spreiing av husdyrgjødsel med 13 mill kroner i 2018 framfor Rogaland med 9 mill. kroner og Møre og Romsdal med 8 mill. kroner.

 

 

RMP til miljøvenleg spreiing av husdrygjødsel per fylke - talgrunnlag


Biogass - Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg - mengd levert, tonn

 

 

Diagrammet syner mengd husdyrgjødsel levert til biogassanlegg i perioden 2013-2018.

Det meste av husdyrgjødsla er levert til Greve Biogassanlegg. Ved søknadsomgangen 20 februar 2019 (leveransar i 2018) fikk 35 foretak innvilga tilskot. Derav har 30 søkjarar levert til Greve Biogassanlegg, 1 søkjar levert til anna anlegg, medan resterande 4 søkjarar har levert til eige anlegg.  

 

 

Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg - talgrunnlag


Biogass - Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg - tilskot

 

 

 

Diagrammet syner storleiken på tilskot som er gjevne for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg for åra 2013-2018, samla for landet.

Ved søknadsomgangen 20. februar  2019 (leveransar i 2018) har tilskotet auka frå 60 til 70 kroner per tonn husdyrgjødsel.

 

 

 Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg - talgrunnlag