Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisutvikling på kveite - april 2019

Prisane på kveite gjekk ned på verdsmarknaden i april. Nedgangen skuldast god tilgang på kveite i nær framtid. Samstundes er det venta god tilgang på kveite i komande sesong. 

Talgrunnlag for grafen | Internasjonale prisar - samla oversikt

Vel eit tidsrom ved å dra i dei to små handtaka.
Prisane er vekeprisar. Datoen peiker på fredagen i den aktuelle veka.

Alle prisar er i NOK per kg.

Internasjonale prisar er omrekna til NOK med valutakursar frå Noregs Bank den aktuelle veka. Kornprisane er eksportprisar frå International Grains Council. Prisane er Free On Board (FOB), dvs. utan fraktkostnadar for skiping til Noreg.

Nordamerikansk kveite er f.o.m. oktober 2016 sorten Hard Red Winter frå USA. Tidlegare rekna vi snittprisar for kveite med høgt protein frå Canada og USA. Europeisk kveite er gjennomsnitt av prisar for tysk B-kveite og fransk Grade 1. Norsk matkveite er noteringspris for veka frå marknadsregulator Norske Felleskjøp, justert for handteringskostnadar og prisnedskrivingstilskot.

Kontaktperson

Mer om temaet