Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisutvikling på storfe - oktober 2019

Etter ein nedgang i september, auka den gjennomsnittlege prisen på storfekjøt i Danmark dei siste vekene i oktober, og drog prisen for månaden opp. Målt i norske kronar enda prisen 2 prosent høgare enn i september, godt hjulpen av ei svekka norsk valutakurs. Også den gjennomsnittlege prisen på tysk storfekjøt auka i oktober, med om lag 3,2 prosent frå månaden før, målt i norske kroner.

FAOs prisindeks for kjøt fortset å stige, og auka med 0,9 prosent i oktober. Prisane har dermed auka kvar månad sia januar. For storfekjøt gjekk indeksen opp med 1,1 prosent, mellom anna som følgje av auka importetterspurnad frå Kina. 

Talgrunnlag for grafen | Internasjonale prisar - samla oversikt

Vel eit tidsrom ved å dra i dei to små handtaka.
Prisane er vekeprisar. Datoen peiker på fredagen i den aktuelle veka.

Alle prisane er i NOK per kg. Dei internasjonale prisane er rekna om til NOK ved bruk av valutakursar frå Norges Bank den aktuelle veka.
Norske prisar: Nortura sine avrekningsprisar korrigert for omsetningsavgift (dvs. tillagt produsentprisen). Utvald vare er ung okse klasse O, 250,1-325,0 kg. feittgruppe 2. Kjelder: Nortura og Omsetningsrådet.
Internasjonale prisar: Avrekningsprisar for heile/halve slakt av ung okse klasse O, feittgruppe 3, Tyskland og Danmark, henta frå prisnoteringar hos EU-kommisjonen. Opphavleg valuta er euro per 100 kg. Kjelde: EU-kommisjonen og Danish Meat Association, DMA (tidlegare Kødbranchens Fællesråd, Danske slagterier mm).

Når ein samanliknar prisane mellom dei ulike landa bør ein være merksam på skilnader mellom landa med omsyn til samansetning av dyr, former for nasjonal støtte og grad av avrekning etter kvalifiseringsskalaen.

Kontaktperson

Mer om temaet