Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisutvikling på svin - august 2019

Prisen på dansk svinekjøt klasse E auka med 3,8 prosent frå juli til august (målt i norske kroner). Den gjennomsnittlege prisen for august enda på kr 17,09 per kg.

FAO sin indeks for svinekjøt auka med 1,6 prosent samanlikna med juli. Eksempelvis auka prisane i USA med 1,1 prosent denne månaden. Prisutviklinga reflekterer mellom anna sterk importetterspurnad frå Asia, spesielt Kina, der den afrikanske svinepesten bidrog til å avgrense nasjonal svinekjøtproduksjon.

Talgrunnlag for grafen | Internasjonale prisar - samla oversikt

Velg eit tidsrom ved å dra i dei to små handtaka.
Prisane er vekepriser. Datoen peiker på fredagen i den aktuelle veka.

Alle prisane er i NOK per kg. Dei internasjonale prisane er rekna om til NOK ved bruk av valutakursar frå Norges Bank den aktuelle veka.
Norske prisar: Nortura sine avrekningsprisar korrigert for omsetningsavgift (dvs. tillagt produsentprisen). Utvald vare er svin klasse E, 73,1-75,0 kg. Kjelder: Nortura og Omsetningsrådet.
Internasjonale prisar: Noteringar for slaktesvin hos Danish Crown, beste vektklasse og basis kjøtprosent. Kilde: Danish Meat Association, DMA (tidlegare Danske Slagterier).
Når ein samanliknar prisane mellom dei ulike landa bør ein være merksam på skilnader mellom landa med omsyn til samansetning av dyr, former for nasjonal støtte og grad av avrekning etter kvalifiseringsskalaen.

Kontaktperson

Mer om temaet